Trafikkuhell på E39 i Førde
Naudetatane har rykt ut til eit trafikkuhell på E39 ved Bekkjavatnet, mellom Sande og Førde i Sunnfjord. To bilar og to personar er involverte. Ein bil står i vasskanten og den andre på autovernet. Begge dei involverte har vorte tilsett av helse og verkar uskadde, ifølge politiet. Bilane har køyrd i same køyreretning. Vegtrafikksentralen skriv at det er fare for stengd veg så lenge naudetatane er på plass.