Hopp til innhold

Trafikkselskap slår alarm: Slik «lurer» bilistar seg unna betaling

Trafikkselskap roper varsku om «hol» i Autopass-betalinga. Statens vegvesen er no pålagt å gå gjennom heile ordninga på nytt.

Fjord1

UNNGÅR BETALING: Dersom bilen blir registrert på ein mindreårig, kan det opne for at bilistar lurer seg unna betaling, ifølge trafikkselskap.

Foto: Tore Lyngvær / NRK

I overkant av 100 ferjestrekningar i Noreg tilbyr i dag betalingsløysinga Autopass, viser ein oversikt frå autopassferje.no.

I tillegg krev 61 bompengeprosjekt inn bompengar i 339 bomstasjonar i ulike delar av landet.

Men no varslar eit av selskapa om eit «hol» i betalingssystemet, som gjer at bilistar kan sleppe å betale.

NRK er kjent med at vegstyremaktene først nyleg vart gjort kjent med mangelen, men at det no blir teke affære.

I eit brev til Samferdsledepartementet skriv kollektivselskapet AtB at det er fullt mogleg å registrere ein bil på mindreårig eigar i Statens vegvesen sitt køyretøyregister.

Problemet er at det ikkje finst noko krav om at det er ein ansvarleg, myndig person som må betale for dei tenestene bilen nyttar seg av.

– Som kollektivselskap taper vi billettinntekter på at vi ikkje kan sende faktura til føresette av den mindreårige, og følge opp med inkasso retta mot føresette, skriv direktør Harald Storrønning i AtB.

Så langt har selskapet oppdaga seks køyretøy som er registrerte på mindreårig eigar, og som ikkje har oppretta Autopass-avtale.

Selskapet fryktar at kollektivtilbodet kan bli dårlegare «dersom det er tilstrekkeleg mange som blir kjent med moglegheita for å registrere køyretøy på mindreårige, for så å unnlate å betale etterskotsvis faktura».

– Vi antek at det er medvitne handlingar som ligg bak for å unngå å betale for våre ferjetenester, skriv Storrønning.

Harald Storrønning

Direktør Harald Storrønning i trafikkselskapet AtB varsla vegstyremaktene om «betalingsholet» i starten av oktober.

Foto: Jon Arne Hoff Johansen

Kan ikkje krevje betaling

I brevet til Samferdsledepartementet fortel AtB i detalj, steg for steg, korleis «betalingsholet» fungerer i praksis.

  • Faktura for ferjereisa blir sendt til den registrerte eigaren av bilen, altså personen som er mindreårig.
  • Når fakturaen ikkje blir betalt, kan den ikkje følgast opp via inkasso fordi mottakaren er under 18 år.
  • Selskapet kan heller ikkje sende faktura til føresette, fordi personvernregelverk hindrar Statens vegvesen i å opplyse om dette. (Noreg slutta seg til EU-regelverket GDPR i 2018.)
  • Selskapet Skyttel, som står for innkrevjing, opplyser til AtB at faktura blir sendt til eigaren av bilen, fordi dei ikkje veit kven som er bilens sjåfør på dei ulike ferjereisene.
AutoPass bom på Anda ferjekai

Ved fleire ferjestrekningar opnar bommen seg etter at Autopassbrikka i bilen blir registrert.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Ber om regelendring

I dag har korkje Samferdsledepartementet eller Statens vegvesen oversikt over kor lenge dette har gått føre seg, eller kor stort omfanget er.

Men departementet krev full gjennomgang, og spør Statens vegvesen om dette er eit problem «både for ferje spesifikt og for Autopass-systemet generelt».

– Departementet ønsker klarleik i om dette er eit problem av ein viss størrelse som gjer at endringar må vurderast, er den klare beskjeden til Statens vegvesen.

Til NRK skriv departementet at Statens vegvesen ikkje har adressert dette som eit stort problem tidlegare.

Vi har starta ei utgreiing og er i kontakt med fleire andre regelverkseigarar og forvaltarar. Det kan ta noko tid før saka er ferdig greia ut, er det korte svaret frå kontorsjef Tonje Sundland Mogensen i Statens vegvesen.

Statens vegvesen stadfestar at det i dag ikkje finst noko nedre aldersgrense for når ein person kan registrerast som eigar på eit køyretøy, så lenge føresett eller verje har gitt samtykke.

Selskapet AtB tek til orde for at det no blir utført ei regelendring for å tette betalingsholet. Eit forslag er at mindreårige eigarar har føresette som er ansvarlege for «alle økonomiske forpliktingar».

Plakat på ferje om at det ikkje er manuell betaling

Det er slutt på manuell betaling der Autopass er innført.

Foto: Tore Lyngvær / NRK

NAF: Skeptisk til regelendring

NAF, som representerer rundt 500.000 medlemmar, vil vente på vurderinga til Statens vegvesen.

Organisasjonen seier det er viktig å finne ut om «betalingsholet» er avgrensa til enkelte strekningar innan AtB sitt trafikkområde, eller om det er meir utbreidd.

I utgangspunktet er NAF skeptisk til å endre reglane.

Problemet i dette tilfellet er jo at dei reisande ikkje gjer opp for seg, ikkje først og fremst at ein mindreårig står som eigar av bilen. Så vi meiner dette bør kunne løysast ved andre verkemiddel enn ei slik regelendring, seier pressesjef Ingunn Handagard.