Hopp til innhold

Trafikken snur for Hardangerbrua

Det siste året har trafikken gått opp på Hardangerbrua, men framleis er trafikken lågare enn det som var forventa.

Trafikk på Hardangerbrua

FLEIRE BILAR: I fjor auka trafikken med om lag 7 prosent over Hardangerbrua, som vart opna i 2013.

Foto: Geir Brekke / Statens vegvesen

I gjennomsnitt for heile 2015 var det framleis berre drygt 1700 bilar per dag som køyrde over Hardangerbrua.

Det er langt under trafikkprognosen Stortinget hadde i 2006 då dei snudde sa ja til å bygga brua.

Anslaget var på 1950 bilar i døgnet.

Men trafikken i 2015 auka med nesten 7 prosent samanlikna med i 2014 – noko som skapar optimisme.

– Me har framleis ein veg å gå til målet. Det vil nok ta nokre år før me når prognosen – men dette er eit viktig steg på vegen, seier styreformann i Hardangerbrua AS, Einar Lutro.

– Gledeleg auke

I august vart Gudvangatunnelen stengt etter ein brann, noko som førte til at fleire tok turen over brua.

– Auken i trafikken over brua og vidda var formidabel, særleg var det mykje tungtransport kom denne vegen. Det ser ut til at folk har funne ut at dette er ein fin måte å reisa på, og at trafikken har heldt seg stabilt etterpå. Og det er den som gjev pengar i kassen – så det er gledeleg, seier Lutro.

Også for stortingspolitikar Øyvind Halleraker (H) er auken gode nyheiter.

– Dette er hyggelege tal, fordi dei har slite ei stund, seier Halleraker.

Han var saksordførar då Stortinget vedtok bygging.

– Dette er jo eit einaste stort dugnadsprosjekt frå Hordaland si side, og det er viktig at det er økonomi i prosjektet.

Øyvind Halleraker

TRUR PÅ OPPGANG: Stortingspolitikar frå Hordaland, Øyvind Halleraker (H), jobba hardt for å få Hardangerbrua til å bli ein realitet. Han har tru på at trafikken vil ta seg endå meir opp i framtida.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Falske premissar

Norges Miljøvernforbund har alltid meint at trafikkprognosane var urealistisk høge, og at Stortinget derfor vedtok Hardangerbrua på falske premissar.

– Me meinte at tala var oppblåste, og det ser jo slik ut. Det har vore triksa så mykje for å få prosjektet gjennom. Alt mitt arbeid med Hardangerbrua går ut på å avsløra ulovlegheiter og manipulering av tal, seier leiar Kurt Oddekalv.

Kurt Oddekalv

FEIL TAL: Leiar i Norges Miljøvernforbund meiner avgjerda om å bygga Hardangerbrua vart tatt på feil grunnlag.

Foto: Odd Rømteland / NRK

Det avviser Øyvind Halleraker.

– Eg trur ikkje det er i nokon si interesse å blåsa opp tala.

– Men var trafikkprognosane som kom feil?

– Det er ting som tyder på det, men dei har nok vore uheldige. No får me håpa at det går rette vegen – tala frå 2015 er i alle fall veldig positive.

Varsla lengre nedbetalingstid

For eitt år sidan hadde brua vore open i halvanna år.

Då var trafikken så låg at styreformann Einar Lutro varsla at bompengeperioden kunne bli utvida med åtte år, frå 15 til 23 år, før brua var nedbetalt.

No er han meir optimistisk.

– Ja eg har finare tal å visa til no, og ei nedbetalingstid på mellom 15 og 20 år trur eg er realistisk å rekna her, seier Lutro.