I Brennpunkt-dokumentaren «Søppelsmuglerne» avslører NRK at bilar fulle av gamalt el-avfall blir sende ut av Noreg på ulovleg vis.
Ved bruk av sporing og omfattande kartlegging har NRK vist at gamle bilar blir kjøpt opp i stor skala i Noreg. På bruktmarknaden i Vest-Afrika går bilane gjerne for det femdobbelte av prisen.
På toppen av det kjem den ulovleg eksporten av el-avfall.
- Les også:
– Mange gir seg ikkje
NRK sin gjennomgang av avregistrerte bilar viser at i overkant av 24.000 bilar er sendt til afrikanske land dei siste ti åra.
Varebiltypen Toyota Hiace er ein gjengangar. Ein statistikk publisert i Bil24 i august viser at varebilen er den aller enklaste å selja på bruktbilmarknaden.
Det merkar også eigarane av dei 38.463 Toyota Hiace-modellane som er registrerte i Noreg.
NRK har vore i kontakt med Hiace-eigarar frå store deler av landet som blir nedringt av privatpersonar og oppkjøpsfirma. Felles for kjøparane er at dei svært gjerne ønskjer å kjøpa bilen, ofte usett.
Felles for eigarane er at bilen ikkje er til sals.
– Det er faktisk heilt ekstremt. Før fekk eg sikkert eit par førespurnader i veka. Då gjekk eg lei og byrja svara alle med ei standardmelding. Dei siste fire-fem åra har det tatt av, seier Stian Ormestad.
– Eg har til og med vore i kontakt med Forbrukartilsynet om å få reservera meg mot denne type telefonar, men det er håplaust. Framleis er det ti-tolv aktørar som ikkje gir seg.
Sel som drosjar i Etiopia
Larvik Bruktbil Handel figurerer hyppig i innboksen og samtaleloggen til Ormestad.
Dagleg leiar og medeigar Ammar Hindawi avviser på si side at selskapet ringer til vilkårlege Hiace-eigarar.
– Me kontaktar berre personar me har vore i dialog med om eit mogleg kjøp tidlegare, hevdar Hindawi.
Ein av dei andre medeigarane i Larvik Bruktbil Handel har hatt fleire selskap. Han har sjølv personleg eigd svært mange bilar.
Samla er han oppført med 2850 avregistrerte bilar som med stort sannsyn er eksportert til afrikanske land.
Larvik Bruktbil Handel kjøper og sel bilar i Noreg, opplyser Hindawi. Selskapet sel også til eit firma som eksporterer bilane til Etiopia, men eksporterer ikkje sjølve.
– Me sel berre reine bilar. Dei som går til utlandet har ikkje ein gong ekstra dekk. Og slett ikkje el-avfall slik Brennpunkt-dokumentaren viser.
– Hiace er «evighetsmaskiner» og blir ikkje lett øydelagde, seier Hindawi om årsaka til at Hiace er så populær.
Tør ikkje stille – er redd bilen blir stolen
Også eit eldre ektepar i Bergen fortel om enorm pågang. Dei har eigd ein eldre Hiace i mange år og har sett seg leie på rennet av telefonar.
Den førre Hiace-en blei stolen frå ein verkstad. Av frykt for at det same vil skje igjen, ønskjer dei ikkje stilla til intervju.
– Folk ringer heile tida og spør om me vil selja. Det er slitsamt, seier kvinna som eig bilen.
NRK har fått lov til å ta bilete av bilen, under føresetnad av at nabolaget bilen står i blir anonymisert.
Ormestad mistenker at kjøparane hentar ut opplysingar om registrerte Hiace-modellar frå motorvognregisteret. Med registreringsnummeret er det ei smal sak å søka opp eigar.
– Pågangen har blitt verre og verre med åra. For min del har det heldigvis flata litt ut når eg gav beskjed.
Kjøper 100 Hiace-ar i året
I tretten år har Erik Wasshaug i Lofoten varebil slått seg opp på å kjøpa billege norske varebilar til den afrikanske marknaden. Hiace er blant modellane som skil seg ut.
– Hiace er den mest lettselde varebilen i dei fleste afrikanske land. Bilane har lite elektronikk og er veldig enkle mekanisk, som gjer dei lette å skru på, seier Wasshaug.
Han avtaler kjøp med kjøparar i Nigeria og Etiopia. Desse gjer avtalar med transportselskap som hentar bilane i Noreg.
– Gjennom dei transportselskapa me nyttar, er det knapt lov å ha eit sjokoladepapir i bilen. Eksport av el-avfall og elektronikk har alltid vore ulovleg, og må skiljast frå den lovlege eksporten av bilar, som er god gjenbruk, seier Wasshaug.
Han estimerer at han kjøpar og sel vidare rundt 100 Hiace-ar i året. Dei fleste endar som nyttekøyretøy innanfor persontransport.
Wasshaug meiner talet på aktørar har auka dei siste åra.
– Då me byrja var det lite konkurranse. No har det definitivt kome fleire aktørar på marknaden.
Lappar på vindauga
På eigedommen i Re i Vestfold står som regel varebilen til Ormestad i eit skogholt. Ein sjeldan gong blir bilen, ein 99-modell, nytta til «sjauing og frakting av skrot».
Men all den tid bilen knapt er på vegen, får ikkje Ormestad fred.
– Det blir lagt lappar under vindaugsviskarar, og eg blir stoppa når eg er ute og køyrer. Stoppar eg på gjenvinningsstasjonen med noko skrot kjem folk bort for å høyra om bilen er til sals. Det er den absolutt ikkje.
Bilen er den tredje Hiace-modellen 42-åringen eig. Den kjøpte han i 2008. Sidan den gong har han opplevd ei eksplosiv interesse. I 2017 skreiv han eit Facebook-innlegg om den ufrivillige interessa.
– At eg konsekvent har svart alle og sagt nei har hatt ein viss effekt. Men seinast denne veka fekk eg ein ny telefon.
Ormestad er ikkje overraska over omfanget i avsløringane i Brennpunkt-dokumentaren.
– Eg har tenkt Afrika-eksport heile vegen, men at det også er snakk om søppeleksport har eg ikkje vore klar over.
- Les også:
Sjå «Søppelsmuglerne» her: