Hopp til innhold

Tove køyrde sist av ferja. Like etter køyrde ho i eit ras.

Eit stort skred kom mellom to bilar som køyrde av ferja på riksveg 5 ved Sogndal laurdag kveld. I ein av bilane sat Tove og tre venninner.

Ras mellom Sogndal og Kaupanger

STORE STEINAR: Raset kom rundt klokka 23 laurdag kveld.

Foto: Lene H. Dulsvik

– Vi var siste bilen i ferja, og første bilen til raset, så det må ha gått mellom oss og bilen framfor oss, seier Tove Ølnes frå Sogndal.

Ho fortalde om opplevinga først til Sogn Avis.

Ho og tre venninner hadde vore i Årdal, og tok 22.40-ferja frå Fodnes til Mannheller.

Det vart litt avstand til bilen framfor frå ferja. På vegen var det tåke og det er også ein del hjort i området, så venninnegjengen køyrde forsiktig.

Like etter kom eit stort ras.

– Vi måtte bråbremse og måtte rygge tilbake. Vi spurte oss «kjem det meir?». Det var skremmande.

Bilete av Tove Ølnes frå Sogndal

SKREMT: Tove Ølnes og dei tre venninnene måtte rygge bilen etter at dei plutseleg såg store steinar i vegbana.

Foto: Privat

Venninna Lene Dulsvik seier det var små marginar.

– Heile fergekøa hadde passert før oss. Like før raset såg vi også ein møtande bil. Dette skjedde fort. Første tanken vår var: «Herregud, rygg!».

Alle i bilen er godt lokalkjende og seier det sjeldan går større ras på vegstrekninga.

Politiet var på staden litt over kl. 23, der dei observerte steinar «store som bildekk».

Laster Twitter-innhold

Sjølve raset skjedde i Drogi på riksveg 5 mellom Sogndal og Kaupanger. Ei vegstrekning med mykje trafikk, ikkje minst på grunn av ferja like ved.

Ras mellom Sogndal og Kaupanger

STORE STEINAR: I løpet av natta starta oppryddinga.

Foto: Statens vegvesen/Vegtrafikksentralen

Fare for fleire skred

Gjennom helga har det blitt sendt ut farevarsel om store mengder nedbør. Også dei neste dagane er det meldt betydelege mengder nedbør på Vestlandet og nordover.

Årsaka til at det kjem ras no er store nedbørsmengder, seier trafikkoperatør Tom Erik Englaugstad hos Vegtrafikksentralen.

– Det kan alltid vere fare for at det kjem ned. Fjellsider og vegstrekningar er sikra så godt det er mogleg, men ein veit aldri. Det kan kome ned steinar.

Bilete av ras mellom Sogndal og Kaupanger

RASKT PÅ STADEN: Politiet var på plass få minutt etter raset. Riksveg 5 var stengd til rundt klokka tre natt til søndag.

Sjølve raset i natt omtalar han slik:

– Det var bra størrelse på det. Det sperra godt det eine feltet. Det gjekk ut i det andre feltet også.

Søndag blir det lysregulering forbi rasstaden fordi fjellsida no skal reinskast og sjekkast grunding.