– Me har eit ansvar for pasientar og alle andre at me beskyttar dei på denne måten, seier Tove Irene Bjørnseth.
Ho er bioingeniør på Førde sentralsjukehus, og måndag var ho den første i Helse Førde til å få korona-vaksinen.
Dermed er startskotet gått for ei
i heile landet.– Det fantastisk at me kan koma i gang allereie no i første veka etter nyttår, seier bedriftssjukepleiar Irene Bekken som sette den første sprøyta.
Men dei gamle står framleis først i vaksinekøen.
Prioriterer eldre og sjuke
10. januar er det i underkant av 21 000 personar i Noreg som har fått første dose, ifølgje
.I vaksineplanen til helsemyndigheitene skal pasientar på sjukeheim og eldre skal få vaksine først, og i romjula
av personar i risikogruppa.Debatten har rast om kor vidt prioriteringane har vore riktige. Andreas Stensvold er avdelingssjef ved kreftavdelinga på sjukehuset i Østfold.
– Eg meiner at vi bør prioritere dei som står heilt i front og jobbar med dei sjukaste koronapasientane, på sjukeheim eller på intensivavdelingar eller andre covid-einingar. Og så dei som ikkje er så sjuke i befolkninga, sa Stensvold til NRK.
– Finnast ingen fasit
Ifølgje denne undersøkinga vil også nordmenn at helsepersonell skal stå først i køen.
Assisterande direktør i Helsedirektoratet Espen Nakstad seier han forstår at prioriteringane blir diskutert.
– Men det er veldig mange dilemma og mykje som må vektast mot kvarandre. Mykje kan endre seg gjennom pandemien, og det finnast ingen fasit på dette. Det blir gjort gode vurderingar undervegs, og det viktigaste er å følge opp regelmessig og justere kartet etter terrenget, seier han.
I Bodø kommune fekk fastlege Kine Kalstad vaksinen allereie 6. januar – men det skulle ikkje ha skjedd.
– Det er ein glipp frå oss. Vi var ikkje oppmerksam på at alle dosane den første veka skulle gå til sjukeheimsbebuarar, sa smittevernoverlege Kai Brynjar Hagen.
Håpar på fleire
Men no får altså tilsette i helsesektoren sprøyta. I Noreg er talet på helsepersonell 370 000. I første omgang er 15 000 dosar sett av til dei.
– Det er dei som jobbar nærast pasientane som er prioritert, dei som er kritiske for at me skal kunne halda oppe kapasiteten vår, seier Arve Varden, som er administrerande direktør i Helse Førde.
Helseføretaket har ansvaret for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane, og har fått i overkant av 330 vaksinedosar.
– Me er veldig nøgde med at sentrale styresmakter har gitt sjukehusa ein god del dosar. Det er sjølvsagt ikkje nok, men me håpar det kjem fleire dosar undervegs, seier Varden.