Hopp til innhold

Desse temperaturane målte Kjell i går og i dag - meteorologen lovar endå meir mildvêr

14 varmegrader synte temperaturmålaren i Oldedalen natt til torsdag. Kjell Sandvik i Selje målte 12,5 grader torsdag morgon. I går målte han halvanna grad meir.

Temperaturar Selje

VARMT: Biletet til venstre tok Kjell Sandvik onsdag. Då var det 14 grader i Selje klokka 06.40. Torsdag synte temperaturmålaren 12,5 grader klokka 07.26.

Foto: Kjell Sandvik

– Eg trur ikkje eg har opplevd maken, seier Sandvik.

Han køyrer drosje, og er meir enn nøgd med at snøen har fordufta. At det er mildt, tykkjer han er heilt fint.

– Men det er litt spesielt. Vi er jo langt inne i desember, seier Sandvik.

Onsdag køyrde han Kvivsvegen, og temperaturmålaren i bilen synte 13 grader omtrent heile vegen.

Spesielt for denne årstida

Og at det er mildt i Sogn og Fjordane for tida, kan meteorologane stadfeste.

– Det er vårlege temperaturar utover dagen i dag også. Det er snakk om mellom sju til ni plussgrader i lågare strøk. Det er ganske høgt til å vere denne årstida, spesielt når det varer så mange dagar som det har gjort, seier vakthavane meteorolog Jørgen Grønneberg ved Vêrvarslinga for Vestlandet.

For etter snøfallet og minusgradene for halvanna veke sidan, har mildvêret slege ned over Sogn og Fjordane. Snøen minkar for kvart minutt som går, og utsiktene for kvit jul minkar.

For meir plussgrader skal det bli. At nokon har målt opp i både 11 og 12 plussgrader i dag, har ikkje Grønneberg problem med å tru.

– På grunn av sønnavind i høgda, kan ein lokalt få ein slags føneffekt. Det fører til at ein lokalt kan få tosifra plussgrader. Det har det vore i fleire dagar, også lenger nord enn Sogn og Fjordane, seier Grønneberg.

Varmen kjem frå Sahara

Dermed er det store område som får glede av milde dagar i tida framover.

– Det er luftmassar frå dei varme vindane i Sahara. Det er stadig påfyll av same forhold frå same stad, seier Grønneberg.

Men han trur det kjem til å endre seg om ikkje så lenge.

– Det blir eit opphald i kveld og natt til fredag. Det bles sørleg sterk kuling på kysten, og rundt Stad kan det bli eit hakk meir i samband med at vinden dreiar mot sørvest, dermed kan det komme opp i full storm, seier Grønneberg.

Elles er det litt ymse når det gjeld vindtilhøva i indre strok.

Nedbøren kjem som regn

– Viss det er sørleg vind i høgda, så er det einskilde stadar heilt vindstilt, seier Grønneberg.

Når det gjeld nedbør, så får vi litt av det også, men det blir av det ferdigmoka slaget.

– Det blir regn. Du må opp over 800 og 1000 meter for å få kvit nedbør. Det ser ut til at det vil halde seg slik med ny porsjon med mild luft på fredag. Temperaturane blir om lag som no, seier Grønneberg.

Han karakteriserer det som eit standhaftig mønster, og spår stabilt mildvêr ei stund framover.

I morgontimane var temperaturane i fylket slik:

Øvre Årdal: 1
Sognefjellet: 0
Sogndal: 2
Florø: 9
Førde: 10
Dale: 8
Høyanger: 5
Leirvik: 10
Askvoll: 9
Nordfjordeid: 11
Sandane: 11

Loen: 9
Gullfaks C: 8

Tyinosen (1100 moh) 3