Fire mål av Kristian Ystaas. Arkivfoto NRK
Med fem mål i kvar omgang knuste Sogndal effektivt dei håpa Høyang måtte ha om å skape cupsensasjon. Tente Sogndal-spelarar var ivrige etter å vise kva dei står for etter det forsmedelege stortapet mot Bryne i serien.
Øren og Ystaas positive
Ekstra gledeleg var det for Fylling å sjå at Tommy Øren scora tre mål og Kristian Ystaas fire, mellom anna ekte hat trick på åtte minutt. Men ellers vil ikkje Fylling legge så mykje i sjølve resultatet. Kim Rune Hellesund (2) og Steinar Tenden var sist på dei andre måla.
Stryn og JÅFK ute
Stryn - Hødd 2-4. Jon Terje Tjellaug og Per Egil Flo sette inn måla til Stryn, medan Geir Televik (eks. Tornado) skåra eitt av måla til Hødd. Jotun Årdalstangen tapte 2-0 borte mot Radøy Manger.
Dermed er Sogndal einaste laget frå Sogn og Fjordane som er med vidare i NM fotball for menn.