Hopp til innhold

Torunn vil jakte EM-gull med «Måløypilken»

MÅLØY (NRK): Europas beste havfiskarar er på plass i Måløy. Men i dag vart det landligge og handletur. «Måløypilken» vekte engasjement hjå ekspertane.

Torunn Handeland

SPENT: Torunn Handeland er ein av landets beste havfiskarar, men det er fyrste gong ho deltek i EM. Her syner ho fram «Måløypilken».

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– I dag er det heilt riktig med landligge. Opplevinga blir ikkje den same om ein ligg heilt oppunder land i sterk vind og høge bølgjer, seier EM-deltakar Torunn Handeland frå Stange i Hedmark.

Planen var å ha ein fridag med landligge onsdag, men med kulingvarsel for Kråkenes fyr tysdag valde arrangørane å framskunde kviledagen for å vente på betre tilhøve.

Stort engasjement om fiskeutstyret

Dagens «vinnar» vart dermed kanskje den legendariske Kaibutikken i Måløy. Butikken er spesialbutikk for fiskeutstyr, og innehavar Odd Arne Mulelid hadde hendene fulle med å handtere ei uvanleg engasjert kundemasse.

– Dette er favorittkundegruppa, smiler Mulelid, det er mange fiskarar som aldri har vore i Nordfjord før.

– Fiskarane vil alltid ha råd. Det er vanskeleg å gi italienarar som berre kan italiensk gode råd, men det går bra, seier han.

Odd Arne Mulelid

TRAVELT: Odd Arne Mulelid har ei uvanleg engasjert kundegruppe på besøk under EM i havfiske.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Men nokre varer går betre enn andre. Mulelid dreg fram ein lokal spesialitet: Måløypilken. Med tre krokar nedst, ein sjølvlysande blekksprut, og holografisk design i blått, gull og blankt.

– Lysingen likar godt sjølvlysande blekksprut, fastslår Handeland. Men Geir Tveit er meir skeptisk:

– Erfaringa er at dei gode gamle pilkane med sølv framleis er best, meiner han.

​Festival heile veka

Det er i samband med Måløy Havfiskefestival at EM i år vert arrangert, med Nordfjord Havfiskeklubb i spissen. Arrangementet varer ei heil veke, med aktivitetar kvar dag, men med stigning i programmet inn mot helga.

Festivalsjef Sunniva Oldeide seier det er eit stort apparat i gang, på torget står eit eige rorbutelt klart med scene, mat og underhaldning.

– Vi har 20 båtar som ligg klare til å frakte fiskarane til havs. Fangsten blir kokkelert og laga til rettar folk kan kjøpe. Borna har eigen fiskekonkurranse. I helga kjem også flaggskipet i den norske lineflåten til Måløy. «Frøyanes» frå Selje skal ha open båt ved lekteren for dei som vil sjå.

EM i havfiske i Måløy

KLARE: Havfiskarane stod klare i dag tidleg. Men avgjerda om å forsere kviledagen vart møtt med applaus. For dei fleste er det nedtur å fiske innanskjers når havet lokkar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Oldeide er ikkje i tvil om at det blir ringverknader av arrangementet:

– Spesielt utstyrsleverandørane merkar det godt. Restaurantar, hotell og overnattingsstadar. Vi har fleire restaurantar som har teke mot fangsten og kokkelert fangsten til fiskarane. Fiskarane har berre teke med seg torsken sin.

Det er sjette gongen Måløy Havfiskefestival går av stabelen:

– Vi skal bygge stein for stein. No har vi fått EM. Vi blir litt større og flinkare kvart år. Så langt har alt gått på skjener, seier Oldeide.

Vil teste pilken

Torunn Handeland har bestemt seg for å teste den særeigne «Måløypilken». Sjølv har ho sin eigen favoritt:

– Alle dei rosa blekksprutane er utseld, gliser ho.