Hopp til innhold

Torsdag får han Nasjonal Akuttpsykiatripris

Nordfjord psykiatrisenter og leiar Trond Aarre blir torsdag heidra for banebrytande akuttpsykiatri.

Trond Aarre

DELER: Trond Aarre meiner mange skal ha æra for at han og Nordfjord psykiatrisenter får tildelt Akuttpsykiatriprisen frå Nasjonalt Forum for Akuttpsykiatri.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Styresmaktene ynskjer at folk over heile landet skal få akuttpsykiatrisk hjelp døgnet rundt, men nordfjordregionen er ein av få stadar der dei verkeleg får det.

Avdelingsleiar Trond Aarre meiner slike tilbod er det beste for pasienten.

– Når vi spør brukarane korleis dei vil ha tenestene er dei klare på at dei vil ha dei når sei sjølve treng det – ikkje når helsepersonell tykkjer at dei har fortent det, seier Aarre.

Unødige innleggingar

Avdelingsleiaren meiner samarbeidsorienterte kommunar er heilt avgjerande for at tilbodet er kome i stand. På dag- og kveldstid kan kven som helst ringe ambulante team direkte, få snakke med fagfolk og mellom anna få besøk heime om det er ynskjeleg.

Og om natta samarbeider dei med legevakta, slik at pasientar kan møte fagfolk direkte på legevakta. Slik kan ein unngå unødvendige innleggingar.

– Vi kan hjelpe til med faglege vurderingar av sjølvmordsfare, behov for vidare oppfølging og behandling. Og vi kan vareta delar av oppfølginga ved heimebesøk eller andre typar tenester alle dagar i året, seier han.

– Stor fordel

Kari Krogh og Thomas Vingen Vedeld

NØKKELEN: Både Kari Krogh og Thomas Vingen Vedeld ser mange fordelar med døgnopen psykiatrihelseteneste.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Kommuneoverlege i Eid, Thomas Vingen Vedeld, meiner det er ein stor fordel for Nordfjord legevakt å ha fagfolka ved psykiatrisenteret tilgjengeleg for legevakta om natta.

Mellom anna fordi legevaktlegen får assistanse. Det gjer det også lettare med lokal oppfølging av pasienten.

– Slikt er vanskelegare å organisere med ressursane på legevakta åleine. Terapeutane med ambulantteam kan følgje opp på ein veldig god måte, lage nye avtalar og sikre kontinuitet i det som kan vere ei veldig tett oppfølging, seier han.

For lite ressursar

Aarre meiner både politikarar og helseforvaltninga bør fortvile over kor lang tid det tek å omstille til døgnope akutt- og krisesenter.

– Kva er problemet?

– Ein har lite ressursar å spele på når ein opprettar nye tilbod. I realiteten kan ein berre gjere det ved å redusere andre tilbod ein har drive med.

– Det handlar også om å leggje om arbeidsformer, tenkemåtar, nye haldningar både til dei vi skal tene og arbeidet som skal utførast. Dette er prosessar som ofte tek lang tid, legg Aarre til.

Tok halve kostnaden

Under arbeidet med Framtidas lokalsjukehus søkte nordfjordkommunane om statlege midlar som dekka halvparten av kostnaden med å tilsette nok folk. Slik fekk ein også på plass ein avtale med Helse Førde.

Kommunalsjef i Eid, Kari Krogh, meiner pengane også vil følgje med framover, som med somatikken på Nordfjord sjukehus.

– Kommunane gjekk med på dette prosjektet med atterhald om at staten skal finansiere desse stillingane frå 2017, når både distriktspsykiatriske senter og kommunane får større ansvar for akutthjelp i rus og psykiatri, seier ho.