Hopp til innhold

Sjå den eldgamle kulturskatten dei ikkje torer ta med i toget på nasjonaldagen

Er du i Jølster eller i nærleiken kan du sjå to flotte faner i løpet av nasjonaldagen. Men berre ei kan du sjå i toget.

Torer ikkje ta ut Astrup-fana og marsjere i toget med ho.

Reporter: Vidar Gudvangen. Foto og redigering: Steinar Lote.

– Det er den dagen då Noreg fekk bestemme over seg sjølv, seier Sanna Iren Fanebust.

Ho og klassekameratane og -venninnene i andre klasse har laga ei flott fane som dei skal vise fram i toget på nasjonaldagen.

Og når 200-års jubileet til grunnlova skal feirast, er det elevane si fane som må pryde 17. mai-toget.

Ein kulturskatt som ikkje kjem i toget

Astrup-fane

STOLT: Gjesdal ungdomslag er glad i fana.

Foto: Steinar Lote / NRK
Astrup-fane

KLASSISK: Astrup-motiv på begge sider

Foto: Steinar Lote / NRK

For ein annan stad i Jølster, ligg ei fane av ein annan dimensjon. Der ligg ein kulturskatt ingen lenger tørr bruke utomhus.

– Det er fana til Gjesdal ungdomsslag, som Nikolai Astrup måla på 1920-talet, seier leiaren for ungdomslaget, Silja Juklestad.

Fana har to motiv, begge i klassisk Astrup stil.

– Det er store verdiar. Det er jo ein av dei fremste kunstnarane i Noreg frå den tida som har laga ho, seier ungdomslagsleiaren.

– Det er veldig stas. Vi tek fana fram ein gong i året, og det er på grunnlovsdagen, seier ho.

Men Astrup-fana slepp ikkje ut i eit usikkert vestlandsvêr

Du kan likevel sjå begge fanene

Frå kunstnarheimen ved Jølstravatnet måla Nikolai Astrup motiva på fleire ungdomslagsfaner.

– Å bruke ei slik fane ute vil eg ikkje anbefale. Regn er ein ting, men det er også vinden som kan rive i fana, seier Solveig Berg Lofnes.

Lofnes er avdelingsleiar på Eikåsgalleriet og Astruptunet.

– Men ho kan stå inne, forklarar Lofsnes.

Difor har dei teke med fana til Vassenden. Der har ho vore gøymd godt, fram til alle kan sjå ho på grendehuset i dag.

Tilbake på skulen har ikkje læraren og elevane planlagt for dårleg vêr.

– Vi har ikkje tenkte så langt, vi trudde kanskje det vart fint vêr.

Men denne fana får du sjå i toget uansett.

– Vi tek litt plastikk over om det skulle regne. Det tek vi som det kjem.