Hopp til innhold

Brukar stemma til Utøya-offer i nytt teaterstykke

Tore Eikeland blei drepen under terrorangrepet på Utøya. No er stemma hans del av eit nytt teaterstykke. – Å høyre stemma hans blir veldig spesielt, seier pappa Ragnar Eikeland.

Takk til ungdomspolitikar, - over til ein annan:
Tore Eikeland, leiaren for Hordaland AUF som blei drepen på Utøya.
Han og talen han heldt på Arbeidarpartiet sitt landsmøte er sentral i teaterstykket Leve posthornet. 
På kulturhuset Oseana i Os i går kveld, fekk familien hans sjå stykket for første gong:

«LEVE POSTHORNET» PÅ OSEANA I OS: Tysdag kveld fekk familien til Tore Eikeland sjå framsyninga for fyrste gong.

Tysdag kveld fekk familien for fyrste gong sjå stykket og høyre stemma til sonen Tore Eikeland frå scenen.

Ragnar Eikeland

– SPESIELT, MEN GODT Å SJÅ STYKKET: Det seier Ragnar Eikeland etter å ha sett framsyninga.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Å sitte i salen og høyre stemma hans live blir veldig spesielt, seier Ragnar Eikeland før framsyninga skal byrje på Kulturhuset Oseana i Os.

Tore Eikeland

DREPEN PÅ UTØYA: No kan ein høyre stemma til den tidlegare leiaren i Hordaland AUF i teaterstykket «Leve posthornet»

Foto: Bygdanytt

Talen den tidlegare leiaren i Hordaland AUF heldt på Arbeidarpartiets landsmøte, er blitt ein del av Riksteaterets teaterstykke «Leve posthornet». Framsyninga er basert på ein roman av Vigdis Hjorth.

HØYR OGSÅ: Heile talen til Tore Eikeland på AUFs landsmøte i 2011

Har brukt talen i roman og teaterframsyning

I romanen var også talen brukt ordrett, men namnet til Tore Eikeland var ikkje nemnt. No brukar regissør Marit Moum Aune lyden frå talen i teaterstykket.

«Leve posthornet» handlar om ein kommunikasjonsrådgjevar som må få Arbeidarpartiet til å stemme mot EUs postdirektiv.

Stykket byggjer opp mot faktiske hendingar våren 2011 då Arbeidarpartiets landsmøte skulle ha avstemming.

LES OGSÅ: Tore Eikeland (21)

Engasjert stemme

Ungdomspolitikaren engasjerte seg sterkt mot postdirektivet fordi han meinte det ville skade distrikta. Talen han heldt bidrog til at direktivet blei nedstemt.

Få månader seinare blei Tore Eikeland drepen under terrorangrepet på Utøya.

– Dette er eit bevis på at dei ikkje blir tagde i hel. Både bodskapen, meiningane, engasjementet og iveren lev vidare, seier Ragnar Eikeland etter å ha sett teaterframsyninga.

LES OGSÅ: Tore Eikeland gravlagt fredag