Tordis (83) har demens: Slik bidreg Eivind (84) til at ho kan vere aktiv

Innan 2050 vil dobbelt så mange nordmenn ha demens. Det legg også press på dei pårørande.

Eivind Skjerven hjelper Tordis Skjerven med demenssjukdommen.

GÅTURAR: Eivind forsøker å få med Tordis på daglege gåturar. Dei pratar saman, ber og ser på bilete. Han har også ofte teke henne med til heimen dei har delt i Stryn.

Foto: Steinar Lote / NRK

Dagleg kjem Eivind Skjerven på besøk til kona Tordis ved omsorgssenteret i Stryn.

Ingen kjenner ho så godt som det han gjer.

– Tordis har førsteprioritet i alt eg gjer. Eg trur besøka betyr nesten alt for at ho skal ha eit liv som fungerer kroppsleg, men også andeleg, seier han.

Kona har hatt demenssjukdom i meir enn ti år.

Når dei treffest, pleier dei å prate og be saman.

Eller dei et frukt frå hagen og ser på gamle bilete. Søndagar går dei til gudsteneste.

I tillegg er mosjon heilt sentralt, med daglege gåturar.

Innsatsen mannen legg ned, kjem i tillegg til hjelpa ho får ved omsorgssenteret.

For demente er det viktig å halde seg i aktivitet, både fysisk og psykisk. Eivind Skjerven besøker kona si Tordis kvar dag. Ho har demens og bur på sjukeheim. Saman går dei tur, ber og ser på gamle bileter. Alt for å fylle dagane til Tordis med innhald.

Treng aktivitet

I Noreg er det i dag 100.000 som har demens.

Fleire enn 10.000 personar får demens kvart år, og talet aukar ettersom nordmenn flest blir eldre og eldre.

Distrikts-Noreg risikerer å bli «ein gamleheim i naturskjønne omgivnader», sa Victor Norman, då han la fram ein rapport om demografiutviklinga til Kommunal – og moderniseringsdepartementet i fjor.

Om 20 år vil nær dobbelt så mange som i dag ha demens.

Anne Rita Øksengård er forskingssjef i Nasjonalforeningen for folkehelse.

Ho seier mange ikkje er klar over kor viktig aktivitet er for kor fort sjukdommen utviklar seg.

– Vi ser at når tilbod fell bort, så skrid demenssjukdomen raskare fram.

Aldring og helse - Nasjonalt kompetansesenter har lansert "Demenskart" hvor man kan finne prognoser for hvor mange i sin kommune som har- og som vil, utvikle demens i årene fremover.

DEMENSKARTET: Talet på eldre over 90 år med demens vil auke med 700 prosent fram til 2050.

Foto: Nasjonalt kompetansesenter

Hardt råka under nedstenginga

Fenomenet vart ekstra synleg under pandemien.

Ein rapport som vart lagt fram i september viste at demenssjuke som bur heime vart hardt råka under nedstenginga.

Studien byggjar på telefonintervju med 105 pårørande til personar med demens som bur heime. Studien dokumenterte dårlegare hugs, svekt språk og mindre initiativ.

Ein studie frå England fortel om liknande funn.

– Då gjekk det utover den generelle helsa til personar med demens, ikkje berre demenssjukdomen, seier Øksengard.

– Politikarane sitt ansvar

Leiar for Sunnfjord Demensforeining, Jorunn Kirketeig, seier til NRK at aktivitet og trening for personar med demenssjukdom er «vekkprioritert».

Ho ber om at «politikarane tek ansvar».

– Personar med demenssjukdom treng trening både for det kognitive og det kroppslege, seier ho.

I august la Menon Economics fram ein rapport som viste at demens vil koste det norske samfunnet 182 milliardar kroner i året frå 2040.

Tidlegare helseminister Bent Høie (H) har sagt at «demens er ein større utfordring enn covid-19».

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

DOBLE SEG: Det er betydeleg fleire med demens i Noreg enn tidlegare antatt, og talet på vil meir enn doble seg de neste 30 årene, ifølge ny studie.

Foto: Fredrik Hagen

Ikkje alle veit om tilboda

Nasjonalforeningen for folkehelse seier det er fellesskapet sitt ansvar å legge til rette for aktivitetar som er tilpassa den enkelte. Mange pårørande er uvitande om kva tilbod dei har krav på.

Dette er nokre av hjelpetiltaka dei kan ha krav på:

  • Støttekontakt. Ein støttekontakt kan vere med på tur, besøk og aktivitetar. Personen blir lønna av kommunen, og det blir ikkje betalt eigendel for tenesta.
  • Dagtilbod. Dagaktivitetstilbod er eit viktig tilbod til personar med demens som bur heime. Det kan i mange tilfelle bidra til å forhindre, eller utsette behovet for sjukeheim.
  • Heimehjelp. Oppgåva til heimehjelpa er å gjere vanleg husarbeid, som reingjering, matlaging, innkjøp, og i nokre tilfelle også hjelp til å bade eller dusje.
  • Heimesjukepleie. Vanlege oppgåver for heimesjukepleia kan vere å gi hjelp til personleg hygiene, tilsyn med mat, og ansvar for medisinar. Ved søknad er det viktig å vere så konkret som mogleg rundt kva de treng hjelp til.

– Når tilbodet treffer godt, så vil det seie at ein kan bruke dei evnene ein har. Det er ikkje alle som er glad i kaffi og kaker heile tida, seier Øksengard.

Ho legg til:

– Pårørande skal vere ein ekstra ressurs, men dei skal halde fram med å vere pårørande med kjærleik og glede, slik at det ikkje blir ei sjukdomsbyrde på dei også, seier Øksengård.

Demens
Foto: Frank May / NTB scanpix