Hopp til innhold

Tordenfull oppvask i Vågsøy

Det vart amper stemning under kommunestyremøte i Vågsøy onsdag kveld. Fortvila politikarar må sjå at kjempeutfyllinga av Måløy sentrum er i ferd med å gå i vasken.

Geir Oldeide

SLO I BORDET: Geir Oldeide (Raudt) var opptrekt under kommunestyremøtet i Vågsøy onsdag kveld.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Utfylling i Måløy.

STARTA - SÅ STOPPA: Arbeidet med å fylle ut åtte mål nytt areal i Måløy sentrum vart starta opp i førre veke. Onsdag fekk utbyggjar stoppordre.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

– Det burde vore verre å gjere feil i Vågsøy kommune no, etter alt det vi har vore gjennom. Og viss ein ikkje forstår at dette er feil, då får ein finne seg noko anna å gjere anten det no er folk som er valde eller folk som er tilsette i Vågsøy kommune. Har vi ingenting lært folkens?

Raudt-representant Geir Oldeide tordna frå talarstolen då kommunestyrepolitikarane i Vågsøy onsdag kveld gjekk i verbalt basketak med kvarandre.

Strid om grunnundersøkingar

Utfyllinga av åtte mål sårt tiltrengd sentrumsareal er stoppa på grunn av manglande grunnundersøkingar. Det kan gå fleire månader før ei ny undersøking er på plass og i mens dumpar Kystverket steinmassane på djupt vatn.

Det er sålangt heilt uvisst om arbeidet kan starte opp att, det er ti veker att før det er for seint.

Trass i at kommunestyret hadde bedt om nye grunnundersøkingar gav administrasjonen fredag gruppa med private utbyggjarar løyve til å starte arbeidet med å utvide sentrum.

Onsdag vart arbeidet likevel stoppa av kommunen, etter at Norges Geotekniske Institutt meinte det ikkje var gjort godt nok arbeid med å kartlegge grunnen.

Høyr det oppheita ordskiftet.

Artikkelen held fram.

Plan for utfylling i Måløy hamn

PLANEN: Slik skal Måløy sentrum utvidast med åtte mål.

Foto: Illustrasjon: Fjord-Lab AS

Tall Ships-kjensle

Geir Oldeide meiner administrasjonen har overkøyrd kommunestyret.

– Ein får ein slags dé jà vu-kjensle her etter alt ein har vore gjennom med Tall Ships Races. Ein gjer vedtak og det blir ikkje respektert. Ein kuttar hjørner og nokon snakkar saman og så gjer ein ting som aldri skulle vore gjort.

Tomt til ny storstove

Oppgitte politikarar må sjå at 70. 000 kubikk steinmasse no går rett på havbotnen.

Framfor dei låg eit brev frå Alfred Bjørlo i Måløy vekst som trygla dei om å finne løysingar.

På fyllinga er målet å få ei ny «storstove» i Måløy med mellom anna næringsbygg, hotell og statlege arbeidsplassar.

Ein frustrert ordførar Roger B. Silden fekk bøtter av kritikk frå Raudt, Sp og Framstegspartiet men gjekk sjølv kraftig til rette med kritikarane.

«Få dette inn i hovuda dykkar»

– No må dykk få dette inn i hovuda dykkar. Det er ikkje kommunen som skal gjere desse undersøkingar, det er utbyggjar. Og det er utbyggjar sin plikt å komme med desse, og dei kom med sine utaler torsdag ettermiddag. Dei fekk ikkje fylle før desse vilkåra var på plass, sa ein tydeleg irritert ordførar.

Han vart avbroten fleire gonger under sitt innlegg, og måtte vedgå at det er dumpa masse hamnebassenget.

Utbyggarane med forretningsmennen Sverre Søraa og Gunnar Carlson i spissen har brukt 13 år gamle undersøkingar på ein liten det av området som grunnlag for at det er trygt å fylle ut.

Forsvarte administrasjonen

Ordførar Roger B. Silden meiner utbyggjarane sjølve har ansvaret og at bygningsjef Helge Hjelle ikkje kunne ta stilling til om arbeidet var godt nok før denne veka. Då hadde kommunen kontakta NGI, noko Silden meiner ville skjedd uavhengig av medieoppslag og kritikk.

– Det kommuneadministrasjonen har gjort, er å kvalitetssikre den geologiske undersøkinga som låg til grunn for at vi starta masseutfyllinga.

Vart åtvara

Men kommunen fekk alt i mai fekk fleire åtvaringar frå sivilingeniør Ragnar Hagen som har laga områdeplanen for fyllinga.

Det kjem også fram i sakspapira at utbyggjarane jobbar på spreng i vår med å få nye undersøkingar på plass, men så starta dei altså likevel bygging.

Sverre Søraa, Krisin Maurstad og Asgeir Solheim

DEBATT: Utbyggjar Sverre Søraa i samtale med Kristin Maurstad (Ap) og Asgeir Solheim (Sp) under kommunestyremøtet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Asgeir Solheim frå Sp var sterkt kritisk.

– Ut frå det vedtaket som vi gjorde, var det heilt klart at det skulle gjerast nye geotekniske undersøkingar. Dei gamle frå 1997 kjende vi til, det var diskutert i planutvalet, sa Solheim til møtelyden.

«Trasig heile greia»

Sverre Søraa sat bakerst i kommunestyresalen i går. Som leiar for utbyggjarane ville han ikkje kommentere saka overfor NRK. men både utbyggarane og administrasjonen i Vågsøy kommune jobbar no desperat for å finne løysingar.

I gangane i rådhuset heldt Roger B. Silden og Geir Oldeide fram krangelen. Men der andre var opptatt av å fordele skuld, var det kanskje Kjell Bjørn Refvik frå Frp som sette ord på korleis det er å sjå at lokalsamfunnet sit att med svarteper:

– Det er alvorleg. Det er forferdeleg trasig heile greia. Eg finn ikkje noko anna å seie. Vi har alle skuld i det som har skjedd, og det synest eg vi skal ta til oss alle ihop.