Hopp til innhold

Brudgommen sat fast i togtrøbbel - no har dei gitt kvarandre sitt ja

Etter å ha sete togfast på Voss, kom brudgommen Tord Torvund seg endeleg til eige bryllaup og ei ventande brud på Finse. No er dei gifte.

Brudeparet Thea og Tord fikk gitt hverandre sitt ja etter togtrøbbel

RAKK BRYLLUPET: Thea og Tord kunne endeleg gje kvarandre sitt ja etter togtrøbbelet.

Foto: Privat

Omsider kunne brudeparet Thea og Tord gje kvarandre sitt ja på Finse. Det skjer etter mange timar med usikkerheit for både brud og brudgom.

– Det var veldig fint! Det kom ein som spilte saksofon, ein fiolinist og ein vokalist, og alt var veldig fint, seier Petter Blom, kompis av brudgommen, til NRK like etter vielsen.

No er det mingling og middag på planen for alle gjestene.

Det heile starta fredag kveld då Bergensbanen stod stille etter at ei kontaktleidning blei riven ned. Det førte til at toget frå Bergen blei ståande på Voss.

Blant passasjerane var Tord Torvund som skal gifte seg med Thea Kristiansen på Finse laurdag ettermiddag.

Det var TV 2 som fortalde om komplikasjonane først.

Torvund og fleire bryllaupsgjestar måtte difor overnatte på hotell.

– Det har vore ei grei natt etter forholda. Vi har hotell rett ved stasjonen, fortalde brudgommen til NRK laurdag formiddag.

Rett før klokka ti fekk han melding om at toga skulle begynne å gå igjen, og at han med det ville rekke vigselen som skal starte klokka 16.

– Blir ei god historie

Blant gjestane som også stod fast var Lars Henrik Hjellestad. Han seier det var god stemning i følget på rundt 30 personar då meldinga om at toga skulle gå igjen.

– Då var det berre å kaste seg rundt, og komme seg ut av hotellrommet. Det er godt at vi endeleg er på veg.

Han seier dei har vore med godt mot, og hatt trua på at det skulle løyse seg. Han trur ikkje den vesle dramatikken kjem til å prege festen i kveld.

– Det blir vel litt annleis, men eg trur dette helst blir ei god historie om eit bryllaup som gjekk viralt i nyheitene.

Og etter den etterlengta togturen frå Voss til Finse, kunne gjestene endeleg nyte og slappe av. Totalt er det om lag 100 gjester som skal feire brudeparet.

– Stemninga er god, og vi koser oss, seier han til NRK laurdag ettermiddag.

Bryllupsgjester på Finse

Etter litt mykje styr, er kan bryllaupsgjestene endeleg kose seg på Finse.

Foto: Lars Henrik Fjellestad

Spent prest

Presten som skal stå for vigselen, prost Arild Hellesøy, seier det heile var litt nervepirrande om han kom seg avgårde. Han hadde billett til Voss til Finse klokka 13 og håper at alt går på skinner utover dagen.

For når han er ferdig i bryllaupet på Finse, er han avhengig av at toga går tilbake til Voss.

– Eg må tilbake til Voss for å døype fire barn i Vangskyrkja søndag føremiddag, seier han til NRK.

Arild Hellesøy

Prost Arild Hellesøy i Hardanger og Voss prosti.

Foto: Privat