Hopp til innhold

Tord (22) kom imot då tre bilar snudde på motorvegen: – Sjokkerande

Tord har fire passasjerar i bilen og køyrer i 100 km i timen. Framfor seg ser han tre bilar som har stoppa heilt opp. Så snur dei og køyrer mot han og køyreretninga.

Tord Corneliussen i ein Os Taxi-taxi

Natt til 5. november i fjor kom Tord Corneliussen køyrande imot då tre bilar stod stille på motorvegen.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

– Du ser mykje rart når du køyrer taxi, men dette var ekstra spesielt. Eg har aldri sett noko på denne skalaen her, seier Tord Corneliussen.

Natt til 5. november i fjor er han taxisjåfør på veg frå Os til Bergen. I 100 km/t oppdagar han at noko er på ferde framfor han. Han bremsar ned.

Framfor han står dei tre BMW-ane stille på motorvegen. Då han kjem nærare startar dei på snuoperasjonen.

Når han møter dei kjem to av dei mot køyreretninga.

– «Kva skjer her?» var det første som gjekk gjennom hovudet mitt. Eg fekk litt klump i halsen og begynte å lura på kva dei tenkte.

Han skildrar at det er nokså god sikt på staden.

– Men det er 100 km/t. Om dei hadde stått litt lengre bak og eg hadde vore uoppmerksam i to sekund så hadde eg køyrt ned ein av bilane.

Snur og kjører i feil retning på motorvegen

Til slutt i denne videoen kan du sjå taxien Tord Corneliussen køyrer koma i rett køyreretning.

Melde frå dagen etter

I kvardagen jobbar Corneliussen som tømrar, men annakvar helg køyrer han drosje for Os Taxi i tillegg.

Helga i november har han vore på jobb i mange timar allereie. Bilen er full når han treff på dei tre BMW-ane.

– Med ein gong du har fire liv i bilen så blir du ganske skjerpa.

Tord Corneliussen ved Endelausmarka på E39 mellom Os og Bergen

Tord Corneliussen like ved Endelausmarka der dei tre bilane stod parkerte.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Corneliussen skildrar at også passasjerane var sjokkerte.

Dei tenkte ikkje på å melda frå før dei var passert bilane. Då dei ikkje hadde fått med seg registreringsnummera i mørket, bestemte dei seg for å venta.

– Eg tenkte det ville bli sett på kamera og at det ikkje var noko meir me fekk gjort når me ikkje hadde nummera, seier Corneliussen. Men neste gong vil han ringa og gi beskjed med ein gong.

Ein av passasjerane i taxien fortel til NRK at ho melde frå til politiet om hendinga på e-post litt utpå dagen laurdag 5. november.

NRK har sett e-posten politiet fekk.

Der skildrar passasjeren situasjonen, at det var mørkt og at dei vart så sjokkerte at dei ikkje fekk registrert nummerskilta på bilane.

bmw i feil retning E39

Slik stod dei tre bilane då Tord Corneliussen kom køyrande i 100km/t.

bmw i feil retning E39

Her er snuoperasjonen i gang.

bmw i feil retning E39

Her er bilane på veg mot køyreretninga.

Har oppretta straffesak

– Eg blei litt provosert når eg såg utsegna frå politiet om at dei ikkje kjende til saka før ho dukka opp i media, seier passasjeren til NRK.

Onsdag stadfesta politistasjonssjef i Bjørnafjorden, Oddbjørn Dyrdal at dei fekk melding om hendinga allereie 5. november.

– Det blei fanga opp og me tok fatt på det umiddelbart då me fekk kunnskap om det.

Dyrdal fortel at saka vart lagt vekk 10. november fordi det ikkje var mogleg for dei å verifisera registreringsnummera basert på bilete- og videomaterialet dei fekk frå Statens vegvesen.

8. mars opplyste Dyrdal til NRK at dei opprettar straffesak.

Oddbjørn Dyrdal i Bjørnafjorden og Austevoll lensmannsdistrikt.

Politistasjonssjef i Bjørnafjorden, Oddbjørn Dyrdal.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

No skal eit av registreringsnummera vera verifiserte. Ulike kameravinklar og kvaliteten på opptaka gjer at dei ikkje har funne dei to andre.

Les også Her stiller de seg opp og snur. Så kjører de i feil retning. Fartsgrensen er 100 km/t

Snur og kjører i feil retning på motorvegen

Saka blir no etterforska vidare av trafikkseksjonen i Vest politidistrikt i Bergen.

– Vi håpar å få identifisert alle bilane som er involverte i dette, seier Atle Heradstveit i trafikksekjonen i Vest politidistrikt.

Han fortel at dei førebels ikkje har vore i kontakt med egaren av bilen med registreringsnummeret som har blitt verifisert.

– Vanvitig stort skadepotensial

Dagleg leiar i Os Taxi, Tor Anders Hauge, skildrar den nye vegen som «heilt fantastisk». Selskapet køyrer mange hundre turar gjennom dei nye tunellane i løpet av ei veke.

Hauge er ikkje overraska over at det var ein av hans sjåførar kom tett på situasjonen.

– Det kan fort skje igjen, for me køyrer der så ofte.

Situasjonen har blitt ein snakkis blant dei tilsette.

– Me er heilt rysta. Det er nokon som syns slik køyring er morosamt. Eg syns ikkje det er morosamt, ikkje på nokon måte.

Corneliussen håpar dei tre sjåførane blir tekne.

– Dei bør bli haldne ansvarlege. Dei kan ikkje køyra som idiotar og halda på på den måten der. Det blir for dumt.

Han får støtte frå Dyrdal i politiet.

– Me er skjønt einige i at dette er graverande, alvorleg åtferd med vanvitig stort skadepotensial.

Politistasjonssjefen er oppteken av at vegen ikkje må oppfattast som nokon fristad der ein kan køyra fort eller driva med risikosport slik dei tre BMW-ane gjer.

Avkøyringa frå E39 i Endelausmarka, der Tord Corneliussen såg at den eine bilen rygga opp att natt til 5. novemerb 2022

Tord Corneliussen seier at han såg ein av BMW-ane rygga opp denne påkøyringsrampa til E39 mot køyreretninga.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Når Corneliussen ser videoen på nytt ristar han på hovudet.

– Eg blir sjokkert kvar gong eg ser det. Me kan ikkje ha slike vegar her om folk skal leika seg på denne måten. Det blir for dumt.

Han er fryktar det kan skje ei dødsulukke.

– 100 km/t mot 100 km/t? Du døyr då.

Corneliussen mistenkjer at staden dei tre BMW-ane stoppa ikkje var tilfeldig. Like framfor der dei stod blir det varsla om at det kostar 55 kroner å passera.

– Det må vera dei bompengane, eg kan ikkje tenkja meg noko anna.

dei to bompengeskilta ein og kan sjå på videoen

Like framfor desse skilta stod dei tre bilane stille i 100 km/t-sona.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK