Hopp til innhold

Tora (17) vil endre mannsdominert musikkfelt

Nesten all musikk som blir framført av norske orkester, er skrive av menn. No skal nytt mentorprogram opne dører for fleire kvinner.

Tora Holter

PÅ OPPMODING: Det var ein av lærarane til Tora Holter som først fekk høyre om Luna Lab. Ho hadde fått med seg at Tora hadde skrive og arrangert musikk, og oppmoda henne til å søke.

Foto: Marion Hestholm

Tora Holter går i andre klasse på musikklinja på Langhaugen vidaregåande i Bergen.

I fjor byrja ho å komponere eigen musikk.

Det plukka læraren hennar opp.

Ho blei oppmoda til å søke på Luna Composition Lab, eit amerikansk mentorprogram i komposisjon for unge jenter og ikkje-binære.

Så fekk ho plass.

– Det er eigentleg veldig skummelt. Men det er jo ein sjanse ein ikkje får så ofte, seier ho.

Det meste skrive av menn

No har mentorprogrammet fått ei avdeling i Noreg.

Under Festspillene i Bergen hadde deltakarane første samling. Her har dei fått undervisning, gått på konsertar og diskutert.

Viss Tora blir komponist, går ho inn i eit mannsdominert yrke.

For berre rundt 20 prosent av medlemmane i Norsk Komponistforening er kvinner.

95 prosent av all musikk som vert framført av norske orkester og ensemble er skrive av menn.

Årsaka er dels at det meste av repertoaret er historisk, altså skrive i ei tid då berre menn fekk tilgang til komponistyrket.

Ser ein på musikk frå dei siste tretti åra, er prosentdelen skriven av kvinner noko høgare.

Tora Holter

MANNSDOMINANS: Nær all musikk som vert framført av norske orkester og ensemblar er skriven av menn. Viss Tora Holter blir komponist, går ho inn i eit mannsdominert yrke.

Foto: Marion Hestholm / NRK

– Finne eigen stil

No har Tora Holter bestemt seg. Ho vil bli komponist.

– Det er så utruleg gøy å lage sin eigen musikk, og å høyre nokon spele det du har skrive. Eg likar å ha ein måte å uttrykke meg musikalsk på – i tillegg til det å spele.

Deltakarane på Luna Lab får rettleiing i korleis dei kan setje sitt unike preg på musikken.

– Eg har lært veldig mykje om korleis ein kan finne sin eigen stil.

– Kva har du lyst å gjere med den kunnskapen du får? Skrive konsertmusikk, teatermusikk, filmmusikk ...?

– Eg har lyst å prøve mykje forskjellig før eg bestemmer meg. Eg er jo ganske ung enno.

Tora Holter

MOGELEG: Tora Holter trur det er mogeleg å bli komponist, trass i fleire hundre års mannsdominans.

Foto: Marion Hestholm / NRK

Ikkje mål om kjønnsbalanse

Bortsett frå BIT20-ensemble i Bergen, som har programfesta kjønnsbalanse i repertoaret, er det ingen orkesterleiingar som har nedfelt målsetting om kjønnsbalanse.

I USA er musikkfeltet mindre likestilt enn i Noreg. Den amerikanske komponisten Missy Mazzoli er ei av dei som vil skape endring.

Ho vil at fleire jenter skal få sjansen.

Ho bestemte seg difor for å starte Luna Comosition Lab i 2016, eit mentorprogram i komposisjon for unge kvinner og ikkje-binære mellom 12 og 18 år.

Missy Mazzoli, med flere jenter i bakgrunnen

AMERIKANSKE VILKÅR: Med permisjonsordningane som gjeld i USA, er det ikkje noko reelt val for ei kvinne å få barn, dersom ho vil vere komponist, seier Missy Mazzoli.

Foto: Marion Hestholm / NRK

– Det mest einsame du kan ta deg til

Komponist Therese Birkelund Ulvo er mentor i programmet.

Ho ser at dei norske og amerikanske deltakarane har hatt stor glede av å møte kvarandre og utveksle erfaringar.

– Det å vere komponist er noko av det mest einsame du kan ta deg til. Derfor er det veldig viktig å skape nokre miljø, seier Birkelund Ulvo.

Les også Den avlyste konserten som endeleg vart spelt

Therese Birkelund Ulvo

Deltakarane får komposisjonstimar med henne gjennom året som kjem. Og på Festspillene i Bergen 2023 får dei framført eit stykke av profesjonelle musikarar.

– Det er viktig at vi jobbar med å bygge ned førestillinga om at ein som komponist må vere genial. Ein treng ikkje gå inn i ei genirolle. Det held at ein skriv musikk, seier ho.

fem personer, to ler. Therese Birkelund Ulvo nærmest kamera.

GOD STEMNING: Therese Birkelund Ulvo drog sjølv frå Bergen til Oslo som sekstenåring for å bli komponist. No skal ho undervise komponistar i startgropa.

Foto: Thor Brødreskift / Festspillene i Bergen