Tor Bremer vil bli Fylkesmann

Tor Bremer trengde tid, men no vil han svært gjerne bli Fylkesmann i Sogn og Fjordane.

Tor Bremer
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Når eg har tenkt meg om har eg kome fram til det at dette er ein utruleg spennande jobb i eit utruleg spennande fylke, seier stortingsrepresentant Tor Bremer (Ap).


Han blir av mange tippa om den største favoritten til å etterfølgje Oddvar Flæte som fylkesmann i Sogn og Fjordane, etter at søkjarlista vart lagt fram tysdag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dei vil bli fylkesmann i Sogn og Fjordane

Martha Finden Halset, Tor Bremer og Jon Bolstad er blant dei åtte søkjarane til Fylkesmannsjobben.

Foto: Fotomontasje / NRK

Søkte ikkje første gongen

Første gongen jobben vart lyst ut var det berre assisterande fylkesmann Anne Karin Hamre som søkte.

- Nei, eg søkte ikkje. Det hadde vel noko med at eg var oppteken med det eg dreiv på med her på Stortinget og tenkte ikkje nøye nok gjennom det, seier Bremer.

- Har du vorte oppmoda om å søke?

- Ja, det skjedde også. Og det medverka kanskje det og.

- Kven var det som oppmoda deg?

- He, he, he. Det er ikkje sikkert vedkommande hadde i tankane at det skulle bli offentleg, seier Bremer.

Kan miste plassen


Bremer vart vald inn på Stortinget i 2009 og er den andre av Ap sine to representantar. Plassen hans heng i ein tynn tråd dersom dei planlagde endringane i valordninga trer i kraft. Då skal talet på representantar frå Sogn og Fjordane reduserast frå fem til fire.

- Det har eg ikkje spekulert i. Det betyr ingenting i denne samanhengen. Dette er først og fremst ein spennande jobb, seier Bremer.