Hopp til innhold

Toppbyråkrat langar ut mot Hordaland

– De møter dykk sjølve i døra. Beskjeden frå fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane til politikarane i Hordaland er tydeleg.

Fylkesrådmann Tore Eriksen

KRITISK: Fylkesrådmann Tore Eriksen meiner at hordalendingane ikkje kan kritisere politikarane i Sogn og Fjordane då dei gjorde det same sjølve på 80-talet.

Foto: NRK

– Hordaland fylkeskommune gav på 1980-talet frå seg langt større kraftverdiar til kommunane enn det Sogn og Fjordane vil gje frå seg no. Dei har ingen grunn til å kritisere oss, seier Tore Eriksen.

– Det er svært uvanleg at ein fylkesrådmann brukar ei årsmelding til å argumentere politisk for ei sak, kontrar fylkesordførarkandidat for Vestland Framstegsparti, Terje Søviknes.

Samstundes som Sogn og Fjordane og Hordaland om nokre månader smeltar saman i nye Vestland fylke, kranglar sentrale aktørar i dei to fylka om milliardverdiar. Det har ført til raseri i Hordaland at fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane vil gi bort inntil 80 prosent av aksjane sine i Sogn og Fjordane Energi til eigarkommunane.

«Skyt seg sjølve i foten»

Søviknes er ein av dei som har vore mest kritisk til Sogn og Fjordane sin framgangsmåte. I desember i fjor karakteriserte han det som ein «frykteleg dårleg start» på samarbeidet og nordfylket «skyt seg sjølv i foten».

No slår fylkesrådmann Tore Eriksen tilbake med harde fakta i si eiga årsmelding for 2018. Spesielt er han oppteken av at Hordaland fylkeskommune på 80-talet overdrog eigarskapen i ei kraftutbygging i Hardanger til kommunalt eigde selskap til ein symbolsk pris.

Eriksen syner til at verdiane som vart gitt bort den gongen er større enn verdien på aksjane politikarane i Sogn og Fjordane vil gi bort denne gongen.

– Behov for rettferdiggjering

At vedtaket i Hordaland ligg langt tilbake i tida, meiner han ikkje er eit argument.

– Det er ein realitet at om dei ikkje hadde overført desse verdiane til kommunane, så hadde dei stått sterkare som krafteigar i dag enn det vi gjer.

Terje Søviknes

KRITISK: Fylkesordførarkandidat for Frp, Terje Søviknes, meiner planane til politikarane i Sogn og Fjordane vil gjere økonomien til det nye fylket vanskelegare.

Foto: Erlend Hykkerud / NRK

Søviknes kjøper ikkje argumenta til fylkesrådmannen. Han stussar over årsmeldinga som han meiner framstår som eit politisk dokument, og ikkje ei oppsummering av fjoråret.

– Det første som slår meg er at fylkesrådmannen har eit stort behov for å rettferdiggjere at Sogn og Fjordane her vil gi bort store kraftverdiar, i staden for å styrke det nye Vestland fylke si evne til å satse på fylkesvegar og vidaregåande skular.

– Fylkesrådmannen er den største politikaren

At Hordaland gjorde noko liknande på 80-talet ser ikkje Søviknes som eit argument for at Sogn og Fjordane må gjere noko liknande i dag.

– Skilnaden er at vi denne gongen har inngått ein intensjonsavtale der vi var einige om å setje av eit fond på inntil 1,5 milliardar kroner, slik at deler av verdiane kunne brukast i det geografiske området som i dag er Sogn og Fjordane. Dette var vi einige om. Men no går politikarane, og ikkje minst fylkesrådmannen som er den største politikarane av alle, mykje lenger når dei no vel å dele ut verdiane til kommunane, seier Søviknes.