Toppbloggar blei truga med øks

Ein mann er tiltalt for å ha truga Kristine Ullebø og kjærasten med øks i Oslo.

Kristine Ullebø

TOPPBLOGGAR: Kristine Ullebø er ein av dei mest kjende bloggarane i Noreg.

Foto: Odin Jæger, Odin Jæger / VG

Ein dag i oktober skal ein mann i 40-åra ifølge tiltalen ha brote opp døra og tatt seg inn i husværet til Ullebø, skriv VG.

Ifølge tiltalen skal den tiltalte vifta med ei øks mot både bloggaren og kjærasten hennar Fabian Venjar Raaen.

Mannen er no tiltalt for trugsmål mot kjærasteparet.

– Dette har fått med til å føle meg utrygg og redd i mitt eige nabolag, seier Ullebø til VG.

Knut Henrik Boehlke er advokaten til den tiltalte mannen. Han seier til NRK at han ikkje kan kommentere saka på dette tidspunktet.

Bloggaren frå Førde har budd i Oslo sidan i fjor.