Hopp til innhold

Topp-politikar miste lappen

Vararepresentant for Framstegspartiet til Stortinget, Torbjørn Lie, godtek ikkje å bli fråteken førarkortet i ti månader. Han vart teken for å ha køyrt for fort, men ankar inndraginga.

Torbjørn Lie
Foto: Arne Eithun / NRK

Det var 1. desember i fjor at Torbjørn Lie susa forbi ein fotoboks ved Svenkerud i Hallingdal med ein fart av 97 kilometer i timen der fartsgrensa er 60.

Lie tilstod sin brøde då saka kom opp i Sogn Tingrett, og tilståinga meinte retten var formildande. Men i motsatt lei la retten vekt på at Lie har fartsbot frå tidlegare. Politiet ville ha fengsel i 16 dagar. Retten bestemte 15 dagar med ei prøvetid på 2 år. I tillegg må kommunepolitikaren i Sogndal og varamannen til Stortinget betale eit bot på 9.000 kroner.

Frp-politikaren er ikkje avhengig av bil i jobbsamanheng, men treng bil til politisk møteaktivitet og av private helsemessige årsaker. Han ankar difor avgjerda om at han skal misse lappen i 10 månader.

Utover at han ankar, vil ikkje Lie kommentere saka.