– På tide å finne dei gjestene som kanskje aldri har sett ein stjernehimmel

Når pandemien er over vil hotelleigar Tone Rønning Vike ha færre gjester.

Tone Rønning Vike, 292 Aurland

VIL HA KVALITET: Tone Rønning Vike meiner at reiselivskommunar som til dømes Aurland ikkje lenger har noko val. Sjølv bygde ho og mannen opp hotellet sitt på frisk luft og kjærleik, hevdar ho.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Rett nok ikkje på sitt eige hotell, men i reiselivskommunen Aurland i Sogn. Der kjem det vanlegvis meir enn ein million turistar kvart år.

Fram til 2019 var Aurland og Flåm eit av dei største trekkplastera for internasjonal turisme til Noreg.

Verdsarvfjordar, Flåmsbana og andre opplevingar gjorde at det summa på ulike talemål frå tidleg på våren til seint på hausten.

Men denne masseturismen sette koronasmitten ein bråstopp for.

– Mange har fått auga opp for å ta vare på jorda, dyrke sin eigen mat og ta vare på naturen. No er det på tide å finne dei gjestene som saknar naturen, som kanskje aldri har sett ein stjernehimmel fordi det er luftureining der dei bur, seier Vike.

Vil få gjestene til å legge att meir pengar

Også hotellet 29|2 Aurland, som ho driv saman med mannen Bjørn, gjekk på eit stygt tap i fjor på fleire millionar.

Men ho er overtydd om at det er kvalitetsturisme som er framtida, ikkje den masseturismen som har prega deler av Indre Sogn.

– Er det eit paradoks for deg at samfunnet rundt deg er avhengig av kvantitetsturisme, og ikkje berre kvalitetsturisten?

– Nei, eigentleg ikkje. Til dømes så ber vi om minimumsovernatting på to netter. Vi ber om at treretters middag er inkludert, ofte ber vi om ein aktivitet. Då susar dei ikkje igjennom bygda. Dei legg att pengane sine i bygda, ikkje berre til det cruiseselskapet eller den suvenirbutikken.

Mykje skal klaffe om reiselivet i Aurland og Flåm skal bli noko i nærleiken av det vanlege før pandemien er heilt over.

Ingen cruiseskip kjem i sommar, kanskje kjem det nokon til hausten, men ingen veit sikkert.

Gøran Johansen, MDG Aurland Flåm stasjon Flåmsbana

GRØN ENDRING: Gøran Johansen er arkitekt, men jobbar også for Felleskjøpet. Som MDG-politikar er han tydeleg på at det må kome ei endring i reiselivet etter pandemien. I Flåm er ikkje Flåmsbana full av turistar denne forsommaren.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Ikkje slutten for cruise

Ingrid Lydvo er direktør for berekraft hos reiselivsgiganten Norways Best. Ho ser poenget med meir fokus på klima, miljø og eit grønt skifte.

Men at det skal vere slutten for cruiseturisme og mange gjester på ein gong, har ho ikkje trua på.

– Vi har eit produkt der som er tilpassa eit større volum av turistar. Men slik pandemien har utvikla seg, så er det jo nærmarknaden vi må satse på no. Så får vi sjå kva som opnar seg opp etter kvart. Det er klart det har vore ein stor omstillingsprosess for oss dette, seier ho.

MDG-politikar Gøran Johansen ynskjer seg færre turistar som legg att mindre klimaspor.

Men han legg vekt på at han forstår at pandemien og krisa i reiselivet fører til store utfordringar for mange.

– Men vi har hatt lokale som har kjempa i mange år for å få ned det trykket som har vore. Lydane, lukta, ureininga, både i høve folk og klimautslepp. Så handlar det også om ei haldningsendring og langsiktig utvikling og ikkje kortsiktig profitt.

Trygve Skjerdal, ordførar Aurland (Sp)

GRØN REALIST: Trygve Skjerdal er ordførar for Senterpartiet i Aurland. Han ville helst venta til 2030 med å innføre dei strengaste tiltaka for utsleppsfrie skip.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vil ha dispensasjon frå nye reglar

Innan 2026 skal alle cruiseskip som kjem til Noreg vere klimanøytrale. Det har Stortinget bestemt.

Det kan bli vanskeleg å få til så tidleg, meiner ordførar i Aurland, Trygve Skjerdal (Sp).

– Når det gjeld trafikken på Aurlandsfjorden etter 2026, så tolkar eg det som at det kan vere rom for dispensasjonar for dei fartøya som ikkje fullt ut stettar krava. Det må bli ein glidande overgang, meiner han.

– Vi kan ikkje halde fram utviklinga

Tilbake i Aurlandsdalen gjer Tone Rønning Vike seg klar til å ta imot kresne sommargjester på hotellet 29|2 Aurland.

Normalt sett har dei mange amerikanske gjester, i år blir det mest norske.

Ho ser positivt på den nye, nasjonale reiselivsstrategien som legg opp til fleire kortreiste turistar frå nabolanda våre.

Ho ser gjerne at overnattingsstadar, etestadar og opplevingar med eit grønt fokus blir fylt opp, også i år. For masseturismen si tid er forbi, meiner ho.

– Vi kan ikkje halde fram den utviklinga vi har hatt til no.

Cruiseskip i Flåm

KKJE I ÅR: Det har i mange år vore strid rundt cruisetrafikken til Flåm. Her er ser ein turistar og cruiseskip i Flåm i 2019.

Foto: Sondre Dalaker

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 20.06.2021
1 060
Smittede siste 7 dager
39
Innlagte
790
Døde
2 122 782
Vaksinerte