Hopp til innhold

Anne-Grethe stylar dei hottaste kjendisane – no kan nordfjord-jenta bli«Årets hårstylist»

Med bilete av Bertine Zetlitz, Jenny Skavlan, Tone Damli Aaberge og Lise Karlsnes skal Anne-Grethe Starheim frå Eid vere med å kjempe om tittelen «Årets hårstylist» i februar.

Anne-Grethe Starheim

STAS: Anne-Grethe Starheim kan bli kåra til 'Årets hårstylist' i februar. Make-up-artisten gjer med det endeleg gjennombrot som frisør i noregstoppen.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

AG Starheim Instagram

POPPIS: Nesten 4000 menneske følgjer stylisten på Instagram, der ho leggjer ute bilete av mange kjende kundar.

Foto: Skjermdump

– Det er veldig stas. Eg heldt på å dette av stolen då eg opna e-posten frå frisørforbundet, der eg fekk vite at eg var nominert, seier 32-åringen frå Ytre Røed i Eid.

Starheim har bakgrunn som make-up-artist, og har tidlegare teke to tredjeplassar i make-up-VM. Ho har også prøvd å hevde seg i tevlinga "Årets frisør", men først i år har ho nådd heilt opp.

– Endeleg fekk eg den ettertrakta e-posten som eg har ønskt meg i så mange år. Eg er kjempeglad! Eg har drive både med hår og sminke, men det er sminka som har fått mest merksemd. Så det er kjekt å få meir akting som frisør, seier Starheim.

Til dagleg arbeider Starheim på salongen "Gevir" på Grünerløkka i Oslo. Mange av kundane er kjendisar, og på Instagram-kontoen sin har Starheim lagt ut mange bilete av kjende fjes som ho har styla. Likevel hevdar ho at det er like kjekt å jobbe med "vanlege folk".

– Det er det som gjer jobben min interessant, å ha litt av alt. Eg set like stor pris på Magda på 83 som på Tone Damli.

Anne-Grethe Starheim og Tone Damli Aaberge

BESTISAR: AG Starheim er fast sminkør og god venninne med Tone Damli Aaberge.

Foto: Privat

Fire nominerte

Det er eit smalt nålauge ein må gjennom for å verte nominert til årets hårstylist. Kandidatane som ønskjer å vere med i kampen, må sende inn alt arbeidet dei har gjort siste året som har vore på trykk, til dømes i blad, på cd-cover eller i reklamekampanjar. Av dei innsende bidraga vel juryen så ut kven som er nominerte.

– Me er fire nominerte frå heile Noreg, og to av oss kjem faktisk frå min salong. Dei to andre kjem frå ein annan stor salong i Oslo. Så no gler alle her på salongen seg til det me kallar Amandaprisen for frisørar, "Årets frisør 2014" i februar.

Men Starheim synest det er lenge å vente til februar med å få vite kven som sigrar.

– Eg skulle gjerne ha visst det i morgon, smiler Starheim, som ikkje har store pengepremiar i vente dersom ho skulle gå sigrande ut av tevlinga.

– Nei, eg blir nok ikkje millionær. Her handlar det om «ære og berømmelse», smiler Starheim.