Hopp til innhold

Tone skuffa over dårleg kritikk

Den nye plata til Tone Damli Aaberge frå Sogndal har fått blanda tilbakemeldingar. No er ho redd folk ikkje skal gi plata ein sjanse.

Tone Damli Aaberge

NY PLATE: Tone Damli Aaberge er ute med plata Cocool.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

«Cocool» vart sleppt sist måndag og er den fjerde plata hennar på fem år. På den nye plata framfører den tidlegare Idol- og MPG-artisten elleve melodiøse poplåter.

– Vakna opp til stygge ord

Men artisten har fått blanda mottaking i pressa, alt frå slakt og toarar til litt betre meldingar. Damli Aaberge tykkjer det er synd at det skal vere så mykje fokus på kva meldarane i avisene meiner.

– Det er ikkje hyggeleg å få dårleg kritikkar. Eg skulle starte promorunde, men det eg vakna til var ein toar frå Dagbladet med ganske stygge ord frå meldaren.

Og ellers er klisjeer i melodier og refrenger, tekster og låttitler stablet oppå hverandre med en slags industriell tyngde man bare kommer i nærheten av i gangene på IKEAs selvbetjeningslager.

Terningkast 2 frå Dagbladet

Lite hyggeleg start

Ho tykkjer ikkje det var ein hyggeleg start på det som skulle vere ei fantastisk veke.

– Men det er klart at folk kan få meine det dei vil, og så kan ein diskutere om kritikkane er rettferdig eller ikkje.

– Tråkka ned i grøfta

Tone Damli Aaberge i kvit kjole under finalen i Melodi Grand Prix

Tone Damli Aaberge kom på 2. plass i MGP i fjor med songen Butterflies.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Det er ikkje lett å vere artist på heiltid i Norge, og Damli Aaberge meiner at mange artistar blir tråkka ned i grøfta i staden for å at dei blir hjelpte oppover.

– Føler du at dei trykkjer deg ned i grøfta?

– Ja, i aller høgste grad. Men eg må jo berre ta det, det er ein del av det å sleppe plater. Vi må tåle å få allslags kritikk og det gjer eg, og eg tek det med meg. Men eg er mykje meir glad i konstruktiv kritikk enn sånne stygge ord eg har fått no.

Meir vågal

Ho er veldig stolt av den nye plata og fortel at ho har utvikla seg som artist.

– Eg har blitt betre og også vore meir involert i låtskrivinga. I tillegg har eg blitt meir vågal i studio.

Dette er en oppstemt gladlåt - et skamløst kommersielt, men velsmakende sukkertøy.

Terningkast 4 frå VG på låta Crazy Cool

Redd for at folk skal bli påverka

No fryktar ho at dei dårlege tilbakemeldingane gjer at folk ikkje gir plata ein sjanse.

– Eg fryktar at dei puttar tankar i hovudet på folk om at dette er ei dårleg plate. Eg trur denne musikken kan passe for mange folk, så eg håper at folk høyrer plata mi.

Det har vært spor av god musikk på de tidligere albumene til Tone, men denne gangen må du lete lenge.

Terningkast 2 frå meldar i Side2

Ikkje heilsvart

Tone Damli Aaberge og Tom-Erik Nilsen

Tone Damli Aaberge og dansepartner Tom-Erik Nilsen gjorde det bra i Skal vi danse.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Men alt er ikkje negativt for sognekvinna. No ventar lansering i USA med den førre plata «I know».

– Eg har fått ein sjanse og har signert med Motown. No skal eg snart bort å gjere promo for den førre plata mi, «I know».

I tillegg har BBC 2 har valt «Butterflies» til vekas låt, i og den bllir brukt i ein tysk TV-serie.

Høyr intervjuet med Tone Damli Aaberge: