Tomsekken, Lillegutt og Søten stal showet på Sommeråpent

HØYANGER (NRK): Høyanger ei kjent for si stolte industrihistorie, men det var alle dei sære kallenamna som tok det meste av merksemda då Sommeråpent kom på besøk i kveld.

Sære kallenamn i Høyanger
Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

NRK og Sommeråpent sender i år frå «MS Sjøkurs», betre kjent som Sommarbåten. Denne veka er det Atle Bjurstrøm og Ida Nysæther Rasch som er programleiarar.

I dag var turen komen til Høyanger og etter litt innleiande sjenanse vakna publikum verkeleg til live då sendinga starta.

Dei kunne mellom anna kose seg med eit djupdykk i historia til dei spesielle kallenamna, dei fekk sjå balansekunst og høyre om industrieventyret som forvandla bygda.

Eitt av dei store høgdepunkta var då femten år gamle Annika Beinnes framførte ein vakker versjon av Ketil Bjørnstad sin song Sommernatt ved fjorden.

Her presenterer høyangeringane kallanamna sine for Sommeråpent-programleiaren.

VIDEO: Lyst å vite korleis dei fekk kallenamna? Her får du svaret!

Her kan du sjå heile Sommeråpent si sending frå i kveld:

Direkte. Sommeråpent inviterer til feriehygge med gode historier, spennende gjester og fin musikk. I kveld retter hele Norge blikket mot Høyanger, hvor Sommerbåten ligger til kai. Programledere er Atle Bjurstrøm og Ida Nysæter Rasch. (19:41)

Sjå bileta frå då Sommarbåten ankra til i Høyanger:

Sommerbåten Høyanger
Foto: Alf Vidar Snæland

Her kan du følgje Sommarbåten minutt for minutt:

Bli med oss på hele reisen fra Vadsø i nord til Oslo i sør gjennom 58 sommerdager