Hopp til innhold

Tommelen øydela cupfinalefesten

Førde tapte 0–3 for Oslo Volley i cupfinalen for kvinner. For oppleggjar Ellen Bijsterbosch vart den berre halve førstesettet.

Jublar for nye poeng.

TAP: Førde-jentene kjempa tappert i sin aller første cupfinale, men måtte sjå seg slått av Oslo Volley.

Foto: Oddleif Løset / NRK

På stillinga 14–7 til Førde i første sett, gjekk oppleggjaren i blokk. Resultatet vart ein forstua tommel.

Ho fekk ein susar rett over fingeren.

– Det er dumt det skjer i ein finale. Eg prøvde meg litt vidare, men det gjekk berre ikkje. Eg klarte ikkje å få ballen ut på kant, seier ho tydeleg skuffa over å ikkje fått bidrege meir i finalen.

Ellen Bijsterbosch får sølvet frå Førde-ordførar Olve Grotle.

SØLV: Ellen Bijsterbosch får sølvet frå Førde-ordførar Olve Grotle.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Viktig for laget

Førde kom godt i gang under finalen i Domus Athletica. Serieleiar Oslo Volley fekk knallhard kamp og tok føringa først på 20–19 i første sett. Med settsifra 25-22, 25–17 og 25–20 vart det likevel siger til Oslo Volley.

Nora Berge erstatta Bijsterbosch og gjorde sine saker bra.

– Ellen er veldig viktig for laget, men vi kan ikkje skulde tapet på at vi mista henne. I dag tapte vi for eit betre lag. Oslo var mykje betre enn oss, seier trenar Mathias Haug.

– Vann sølvet

Anne Guro Hjortland vart Førde sin mest verdifulle spelar med 13 poeng. Oslo Volley sin Janne Kongshavn vart kampens mest verdifulle spelar.

– Vi tapte ikkje finalen. Vi vann sølvet, seier legg han til.

– Det er surt å tape finalen, men måten vi gjer det på er ikkje sur. Eg tykkjer vi gjer ein god kamp og taper mot eit veldig bra lag, meiner Haug.

Full tribune

Med nær 400 sunnfjordingar på tribunane var stemninga høg under damenes cupfinale i volleyball. Det nyopprykka eliteserielaget deltok i sin aller første cupfinale.

Oslo Volley sin kantspelar Edyta Weclawek vart vel vanskeleg å ta ut for Førde.

– Ho var god. Eg vil påstå ho er den desidert beste spelaren i Eliteserien. Vi klarer ikkje å kontrollere henne, seier Haug.

Første finalesiger

Dette var første gong Oslo Volley vann ein finale. Og det i sitt sjette forsøk.

– At vi blir det første laget dei slår i finalen får vi berre finne oss i, ler han og tykkjer jentene har gjort ein solid innsats.

– Vi visste det ville bli vanskeleg. Skulle dette gå, så måtte vi ha gitt 120 prosent, samstundes som dei måtte vere litt under pari. Uansett veldig bra å komme til finalen. Det var ei stor oppleving, avsluttar Bijsterbosch.

Laurdag kveld var oppleggaren til sjukehus for å sjekke om tommelen var broten.

Siste ball.

SISTE BALL: Oslo Volley slår inn og Førde taper siste og avgjerande sett.

Foto: Oddleif Løset / NRK