Hopp til innhold

Tom Erik såg kameraten styrta i døden: – Traumatisk

Tom Erik Heimen var med då basehoppulukka skjedde. – Alt gjekk som planlagd, heilt til han skulle trekka fallskjermen.

Tom Erik Heimen

VITNE TIL ULUKKA: Tom Erik Heimen var ein av fleire som hoppa i Nærøydalen onsdag kveld. Den rutinerte basehopparen vart vitne til at kompisen døydde.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Det var ved 19.20-tida onsdag 28. juni at ein basehoppar gjekk i bakken ved det populære basehopp-punktet Skjerpi i Nærøydalen, like ved Gudvangen.

Personen var ein del av eit turfølgje på fem, som hoppa frå det kjende hoppunktet Kammen. Blant dei tre siste som kasta seg ut, var den norske basehopparen Tom Erik Heimen.

– Me var ein liten gjeng på fjelltur som skulle gjera ein rutineflyging. Alt gjekk som planlagd, heilt til vedkomande skulle trekka fallskjermen, fortel Heimen til NRK dagen etter ulukka.

Tre hopparar i lufta

Heimen og den tredje basehopparen var i lufta då dei blei vitne til at kameraten aldri fekk løyst ut fallskjermen. Hopparen gjekk rett i bakken.

– Det er traumatisk å oppleva noko slikt. Eg unner ingen andre å oppleva det, seier den erfarne basehopparen.

Store deler av det internasjonale basehopparmiljøet er samla på Voss under Ekstremsportveko denne veka. 32-åringen som døydde er frå USA og skulle etter planen vera fleire veker i området.

No er familien på veg. Heimen seier miljøet er sterkt prega av dødsfallet.

– Når det skjer ulukker som den i går, blir ein sett ut. Då må ein jobba for å gjera tryggleiken endå betre, slik at ingen treng å gå i bakken igjen.

Sofie Torlei Olsen i Ekstremsportveko

PREGA: Dagleg leiar Sofie Torlei Olsen i Ekstremsportveko seier dødsfallet påverkar stemninga under festivalen, men ulukka fører ikkje til endringar.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Den døde basehopparen er godt kjend i miljøet og var ein ven av Heimen. 32-åringen hadde drive med basehopping i 7–8 år, og blir omtala som ein erfaren utøvar.

– Me har hoppa litt i lag før og treftest i ny og ned. Under Ekstremsportveko har me hatt fleire fine dagar saman.

Dagleg leiar for Ekstremsportveko Sofie Torlei Olsen, seier ulukka påverkar stemninga på Voss. Men Veko gjer ikkje endringar i programmet etter dødsfallet.

– Me kan ikkje handtera alle som er ute på eiga hand, men me følgjer ekstra opp dei sportane som er råka.

Gjekk ned i bustadområde

I døgeret etter ulukka, har dei involverte i basemiljøet gjort det dei kan for å finna svar. Ei intern gransking blei sett i verk same kvelden styrten skjedde.

– Med ein gong ulukka var eit faktum, sjekka me utstyr og omstenda rundt det. Me deler informasjon når me snakkar med folk både her og i utlandet, når me prøvar å finna ut kva som førte til ulukka, fortel Heimen.

Naboar blei vitne til dødsulukke
Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Basehopparen gjekk i bakken like ved eit bustadområde. Grete Ikdahl Refsnes var vitne til at mannen døydde.

Heimen, som har 17 års erfaring som basehoppar, kallar belastninga det påfører dei som bur i området, svært uheldig.

– Me legg veldig stort trykk på at hopparar ikkje skal gå ned i bustadområde. Me jobbar med prosedyrar for at det ikkje skal skje igjen.