Hopp til innhold

Kjente seg fysisk dårleg då ho kjempa om sin andre NM-tittel

I steikande sol og 28 varmegrader snusa Eli Anne Dvergsdal på Heidi Weng sin løyperekord under NM i motbakkeløp. Men så kom frysningane og kjensla av at kroppen ikkje klarte å presse seg så hardt lenger.

Eli Anne Dvergsdal vann NM i motbakkeløp 2018

NM-VINNAR: Eli Anne Dvergsdal vart først over målstreken i NM i motbakkeløp laurdag ettermiddag.

Foto: Arrangøren Skuggenatten Opp

– Eg byrja kjenne på det på den siste kilometeren. Då fekk eg litt frysningar og vart uvel av å presse meg i varmen, og det skal ein ha respekt for, seier Dvergsdal.

26-åringen frå Jølster har vunne nesten alt ho har delteke på i vår. Ny løyperekord på BCM halvmaraton, og siger i både Ulriken Opp og Fløien opp står allereie på merittlista.

Laurdag kjempa ho om sin andre NM-siger i motbakkeløp, denne gongen på løpet Skuggenatten Opp i Treungen i Telemark. Løypa er på 4,4 kilometer og tek løparane opp 456 høgdemeter til fjelltoppen Skuggenatten.

Dvergsdal som har busett seg i Bergen er mest glad i konkurransar i regnvêr, og visste på førehand at det kom til å bli tøft i varmen.

– Eg tok leiinga frå start, og fekk etter kvart ei ganske stor luke. Men eg kjente varmen godt.

Såg at rekorden var innan rekkevidd

Løyperekorden for kvinner på Skuggenatten Opp er fire år gamal, sett av langrennsløpar og VM-gullvinnar Heidi Weng i 2014. Tida hennar var då 26.37.

Undervegs i løpet i dag såg Dvergsdal at den tida kunne vere mogleg å slå.

– Eg såg at eg låg an til å kjempe om den, så eg byrja jo å tenkje litt på den. Samtidig, når det er NM, så er tittelen det viktigaste.

Med vel ein kilometer att byrja kroppen å seie frå at ho ikkje kunne presse seg for hardt. Dvergsdal seier ho hadde drukke veldig mykje vatn på førehand, og trur ikkje det var problemet.

– Det gjekk fint, og eg hadde kontroll. Av og til blir ein litt uvel i varmen.

– Men det skal vere mogleg å ta den rekorden på ein dag det ikkje er så varmt, forsikrar ho om.

Vann med over eitt minutt

Sjølv om Dvergsdal den siste kilometeren roa litt ned, kom 26-åringen i mål imponerande 1.18 før sølvvinnaren Helene Mari Fossesholm.

– Eg følte eg hadde grei kontroll. Undervegs i løpet fekk eg fortalt av publikum at det var langt bak til neste kvinne.

Sigeren i NM i motbakkeløp i dag kjem berre to dagar etter sigeren i konkurransen Bergens råeste. Allereie neste helg kan det bli ny konkurranse, då er det noregscup som står på plakaten.

– No skal eg først sjekke at kroppen er i balanse og klar for nye konkurransar, så eg bestemmer meg i morgon, seier gullvinnaren.