Hopp til innhold

Tok seg til rette i verneområde – kravd for millionbeløp

Eltel og Sunnfjord Energi gravde opp verna veg. No må dei betale bot og erstatning.

Den Trondhjemske Postvei i Gaular

GRØFTA: Sunnfjord Energi flytta ein straumkabel som går i rasutsett område då dei grov i den Trondhjemske Postvei. – Vi såg at det her låg rør og trasear frå før. Vi fann at dette var ein eigna plass, seier nettsjef Arild Fleten.

Foto: Marit Anita Skrede / Statens vegvesen

Montørselskapet Eltel har bestemt seg for å vedta ei bot på 100 000 kroner. Eltel innrømmer at dei burde ha gjort ein betre jobb med å undersøke kva slags område dei arbeida i.

Arild Fleten

RUTINAR: – Vi har gått igjennom og skjerpa rutinane. Vi skal ikkje berre undersøke med kommune, fylkeskommune og fylkesmann, men også Vegvesen i tilfelle som dette. Her burde vi søkt dispensasjon, seier Arild Fleten, nettsjef i Sunnfjord Energi.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sunnfjord Energi har også godteke bota på 200.000 kroner.

– Vi vedgår at vi har gjort ein feil, så vi vedtek bota. Derimot meiner vi erstatningskravet ikkje står i stil med skadane som har skjedd, seier nettsjef Arild Fleten i Sunnfjord Energi.

– Handla i god tru

Sunnfjord Energi blir også kravd for vel ein million kroner i erstatning den kring 70 meter lange grøfta dei grov langs Den Trondhjemske Postvei ved Drægebø, mellom Vadheim og Sande.

Arbeidet vart gjort då dei ville flytte ein straumkabel vekk frå rasutsett område.

Den Trondhjemske Postvei i Gaular

MUR: I samband med flytting av ein mobil basestasjon for Telenor, reiv Eltel ned denne muren og sette den opp att. Statens vegvesen meiner arbeidet ikkje vart gjort etter antikvarisk prinsipp.

Foto: Marit Anita Skrede / Statens vegvesen

Området viste seg å vere innanfor omsynssona til ei av to verna bruer. Der skal det ikkje gjerast inngrep som kan skade bruene eller kulturmiljø.

Den Trondhjemske Postvei gjennom Sogn og Fjordane vart bygd i 1795.

– Sidan det var grave opp før, så trudde vi det var greitt. Men vi har erkjent at vi burde undersøkt dette grundigare og gått fram på ein korrekt måte, seier Fleten.

Usamde i erstatning

Fleten meiner erstatningskravet ikkje står i stil med skaden som er gjort og seier at dei er i dialog med vegvesenet om oppryddingsarbeidet. Kabelen er seinare lagt i ny trase.

– Delen vi grov opp, var øydelagt lenge før vi byrja å grave. Det er nok meir ein veg frå 70-80-talet, enn ein veg frå gamalt av, seier Fleten.

Finden

ØYDELAGT: Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier skadane ikkje blir reparerte før politimeldinga er avslutta.

Foto: ALEKSANDER ÅSNES / NRK

Erstatningskravet er stilt på vegner av Statens vegvesen, som har ansvar for at vernet i området blir respektert. Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier reparasjonane vil koste over 1,5 millionar kroner.

– Det er å mure opp att og setje i stand vegen ifølgje dei antikvariske prinsippa som gjeld. Det er eit arbeid vi vil starte opp så snart denne saka er avklara, seier Finden.

Han vil ikkje kommentere førelegga sidan sakene ikkje er avgjort.

– Skadane representerer ikkje kulturminnet som postvegen er, seier han.

Frikjende telegigant

Jørn Lasse Førde Refsnes

BURDE SØKT: Politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes seier saka kunne vore unngått om både energiverket og Eltel søkte om tiltaka. – Utfallet av ein søknad er usikker, men då kunne Statens vegvesen fått kome med uttale om å ta naudsynte omsyn til kulturminna, seier han.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I tillegg til Eltel og Sunnfjord Energi vart også Telenor politimelde då skadane vart oppdaga i mars i fjor. Det var dei som hyra inn Eltel.

– Eltel leigde på si side inn entreprenør, og då blir det ei vurdering av kven som ligg nærast til å ta ansvaret. Vi vurderer det slik at Eltel sit med hovudansvaret, seier politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes.

No kan det bli opp til retten å avgjere kor mykje erstatning Sunnfjord Energi må betale.

– Ein kan også velje å sjå at partane tek erstatningsspørsmålet som ein sivil tvist, seier Refsnes.