Hopp til innhold

Då telefonsvindlaren ringte Asbjørn, ringte dei feil mann ...

– Hallo, eg ringer frå Windows. Orda fekk Asbjørn til å sjå raudt. Han lurte like godt svindlaren.

Asbjørn Aamot

PRØVDE SEG PÅ FEIL MANN: Asbjørn Aamot lét seg ikkje lure. Datamannen tok rotta på kjeltringen.

Foto: Privat

– Med ein gong vedkommande presenterte seg som at han ringde frå Windows forstod eg at dette var berre tull, seier Asbjørn Aamot.

Aamot hadde akkurat lagt ut melding på fleire sider på Facebook at politiet åtvara mot svindlarar som ringer folk og seier dei er frå Microsoft.

Laster Twitter-innhold

Anerkjend dataprogrammerar

Aamot er over gjennomsnittet data-kunnig og vart i 1997 og 1998 anerkjend av Microsoft som programmerar. Difor var han rask på labben då han forstod at den som var i andre enden av telefonrøyret var ute etter å svindle han.

– Eg spelte dum og bad han vente litt slik at eg skulle få gjort eit opptak med mobiltelefonen.

Undervegs i telefonsamtalen prøver Aamot å få mannen til å snakke om svindelen. Men til slutt avslører Aamot at han kan for mykje om data til å bli lurt, og viser til ei nettside for datakunnige i Microsoft. Då blir røret slengt på av svindlaren som forstår at han har møtt sin overmann.

Høyr svindlaren møte sin overmann i Asbjørn Aamot.

Aamot veit veldig godt at store dataselskap ikkje ringer ut til brukarane dersom noko er gale. Difor håpar han lydopptaket kan gjere andre merksame på svindelen.

Håpar svindelen stoppar

Han viser til at telefonsvindlaren vil ha brukarane til å gå inn på ei spesiell nettside som gjer at dei kan fjernstyre PCen din frå den.

– Det er det same som å invitere ein vilt framand mann inn i hus og la vedkommande bruke datamaskina di.

– Svindel går føre seg på alle kantar. Eg har to sider der eg deler kunnskap og erfaringar om svindelen.

– Kvifor er du så oppteken av svindel?

– Eg er windowsmann, og har vore med Microsoft sidan starten. Så eg blir litt skeptisk når folk gir seg ut for å vere microsoft-folk. Dessutan har eg venner som har blitt svindla.

Han tykkjer det er irriterande at folk vert utsette for svindel og vil bidra til at det ikkje skjer.

– Når naboen blir utsett for innbrot ringer du politiet, det er det same med svindel, seier han som lurte telefonsvindlaren.