- NB! Saka er oppdatert med presisering om at Hegg er første herreskyttar på 28 år med EM-medalje.
Fredag var lærdølen med å setje verdsrekord med det norske riflelandslaget under EM i Bologna.
Laurdag følgde han opp med si første individuelle seniormedalje, og Noreg si første på herresida sidan Harald Stenvaag i 1991.
– Det er vanskeleg å seie kva som er størst, men ein er åleine om det i den individuelle skytinga, seier den jordnære lærdølen.
Ny verdsrekord
La starte med laggullet på 50 meter heilmatch først. Dei norske skyttarane skaut 3 540 poeng. Hegg tok 1 178 av desse.
Totalt vart det 3 540 poeng, og det beste lagresultatet nokon gong i OL-øvinga. Den gamle rekorden hadde Russland frå VM i fjor, med 3 535 poeng.
– Eg var veldig nøgd med kne og ligg, og klarte å følgje planen om å vere fryktlaus. Det gjekk litt verre på ståande, men betre mot slutten, sa Hegg til skyting.no.
Best av dei norske
Det sterke resultatet sende alle dei norske til laurdagens individuelle finalen.
Der vart junioren best av dei norske med 442,8 poeng, med Simon Kolstad Claussen på 4. og Henrik Larsen på 6.-plass.
– Det er på grensa til ekstremt imponerande. Dette er den råaste øvinga, med dei råaste utøvarane innan skyting i Europa. Når ein hevdar seg der, så er det ikkje anna enn veldig imponerande av ein junior med relativt liten erfaring, seier landslagstrenar Espen Berg-Knutsen.
Mykje bra i vente
– Jon Hermann har ikkje slått ut i full blom enno som skyttar. Det har han gjort når han presterer jamleg på dette nivået. Men det vil nok ta litt tid, held Berg-Knutsen fram.
Sportssjef Tor Idar Aune har følgd Hegg over fleire år, og sa for to år sidan at lærdølen vil bli verdas beste. Det står han fast på.
– Talentet er uavgrensa, både når det kjem til trening, førebuing og konkurranse. Men det er ingen grunn til å ta av. Han vart nummer tre i senior-EM som junior, og det vil krevje enormt med arbeid for å nå toppen, seier han.
Satsar mot OL
Skyttaren som allereie i ung alder markerte seg på landsskyttarstemne, har teke store steg etter at han flytta til Austlandet for å satse vidare på skytinga.
No bur han på Kløfta, medan han studerer anvendt datateknologi i Oslo. Her får han trene jamleg med landslaget, samt at han trenar kvar dag.
Til neste år er det OL i Tokyo. Noreg sender to utøvarar, og Hegg ynskjer å vere ein av dei.
– No som utesesongen er over, er det innandørs og luftgevær. Så blir det å trene mot OL. Målet er å komme dit og gjere jobben, seier han.