Hopp til innhold

Ofra Kongepokalen for NM-gullet - fekk EM-billett på kjøpet

Sindre Rørstadbotnen (22) fekk knallhard kamp om gullet under helgas NM Vektløfting i NM. Det kosta han truleg Kongepokalen.

Sindre Rørstadbotnen

FULL KLAFF: Konkurransen i 94 kilosklassa vart så tøff at Sindre Rørstadbotnen kasta sin eigen slagplan for å sikre NM-gullet.

Foto: Trygve Duun / Norges Vektløfterforbund

Naustedølen løfta 139 kg i rykk og 179 i støyt og persa seg med to kilo i begge. Med totalt 318 kilo og 365 poeng var det duka for spenning kring Kongepokalen.

Den hamna til slutt hos Kim Eirik Tollefsen (Tønsberg-Kam.). Med eitt poengs margin.

– Eg hadde lyst på Kongepokalen, men i dag var det så mykje anna som var bra. Det var først og fremst gullmedaljen eg kom for, seier Sindre Rørstadbotnen.

Kasta slagplanen

– Eg tok gull i 2013 og var berre nokre poeng frå gull og kongepokalen i fjor. Så eg var alvorleg svolten på å vinne. No er det eg som er sjefen i 94 kilosklassa, legg 22-åringen til.

Jantsen Øverås

GULL: Jantsen Øverås forbetra sin eigen norske rekord med ein kilo då han støytte 147 kilo.

Foto: Trygve Duun / Noregs Vektløfterforbund

Kampen om klassesigeren vart så hard, at han måtte kaste slagplanen for stemnet. Det kosta han truleg Kongepokalen.

Får EM-tur

– Målet var 143 kilo i rykk og 183 kilo i støt, men sidan det vart så tøff konkurranse måtte eg gå litt annleis opp i kilo. Då vart det slik, seier han.

Rørstadbotnen vil likevel ikkje henge med nebbet etter helgas meisterskap på Spydeberg. Bonusen i form av billett til Tbilisi og EM i april varmar godt.

– Eg er veldig nøgd med det. Det er ikkje mange 22-åringar som får oppleve å kvalifiserer seg til eit senior-EM. Den ligg høgt, seier han.

Marit Årdalsbakke

GULL: Marit Årdalsbakke vann si klasse med 90 kilo i støt og 80 kilo i rykk. I tillegg leverte to gode forsøk på 95 kilo i støyt.

Foto: Trygve Duun / Norges Vektløfterforbund

Ville ha Kongepokal

Trenar Gunnar Reiakvam konstaterer at klubben aldri har vore nærare ein Kongepokal sidan Geir Grønnevik fekk den i 2006. På same tid er han nøgd med medaljefangsten.

Ingen klubbar tok fleire medaljar enn Tambarskjelvar sine fire gull og to sølvmedaljar.

– Likevel, så er eg ikkje heilt nøgd resultatmessig. Dei fleste hadde meir å gå på, men bevares. Jentene viser gode takter og eg ser at vi har tre jenter som er nær å kvalifisere seg til EM på heimebane neste år. Det er også tre av karane, og då er vi veldig nær målet som er seks kvalifiserte, seier han.