Tok med seg islandsk flaggdag til Måløy

– Eg fekk nesten panikk. Kva har eg gjort? Det var reaksjonen til kyrkjetenar Nanda Maria Maack i Måløy då ho forstod at norske flaggreglar ikkje er like dei i heimlandet.

Flaggar på halv stang ved Sør-Vågsøy kyrkje i Måløy

PÅ HALV STONG: Slik såg det ut ved Sør-Vågsøy kyrkje i Måløy langfredag. Mange lurte på kvifor det var slik.

Foto: Bjarne Eldevik

For då langfredagen kom, gjorde ho som ho er van med frå heimlandet Island, nemleg å flagge på halv stang.

– Eg gjorde det fordi eg var vant til det. Eg trudde Island og Norge hadde same ritual sidan vi høyrer til den same kyrkja, fortel ho.

Berre kyrkja som flagga

Den ferske kyrkjetenaren ved Sør-Vågsøy kyrkje har hatt jobben sidan november. Ho jobbar også som konfirmantarbeidar i kyrkja. Dette er hennar første påske i Norge.

– Langfredag er jo ein tung dag og eg ringde også med kyrkjeklokka som eg gjer ved gravferder. Men eg oppdaga fort at det berre var Sør-Vågsøy kyrkje som flagga på halv stang, ler ho.

Fleire har reagert på flagginga og kyrkjetenaren fekk også spørsmål.

– Det var ein som lurte på om eg hadde gløymt å ta ned flagget og ei anna lurte på om ikkje hadde fått det heilt til topps, fortel ho.

Soknepresten tykkjer det er positivt

Langfredag markerer i kristen tradisjon dagen då Jesus døydde på korset. Ifølgje wikipedia.no er langfredag offisiell flaggdag på Færøyane og på Island, medan det i Danmark er tilrådd å flagge på halv stang. I Norge er det berre 1. påskedag som er flaggdag i påska.

Kyrkjetenaren tok kontakt med sokneprest Dag Audun Rasmussen som ikkje reagerte noko særleg på at det blei flagga på halv stang.

– Min spontane reaksjon er dette var positivt i ei tid der alt det religiøse skal privatiserast. Det markerer at Jesus døydde på langfredag for oss. Eg har sjekka litt på nettet og har funne ut at i gammal tid var det vanleg å flagga på halv stang utanfor kyrkjene i Norge, seier soknepresten.

Flaggar på heil stang i dag

I dag er kyrkjetenar Nanda Maria Maack igjen på plass i kyrkja. 1. påskedag blir feira til minne om at Jesus stod opp att etter å ha vore død.

– I dag skal vi gjere som vanleg, med flagging på heil stang, seier ho.

Også i Bergen vekte det oppsikt at det blei flagga på halv stang langfredag. Her er det eit kommunalt vedtak som seier at det skal flaggast slik denne dagen, skriv Nettavisen.