Hopp til innhold

Tok med seg 13 medaljar

Friidrettstalent frå fylket sanka med seg 13 medaljar under årets første friidrettsmeisterskap for aldersbestemte klassar som vart arrangert i Stangehallen i helga.

Mellom dei som gjorde det godt var 16 år gamle, Sander Sekkingstad Terum, frå Aurland.

Han sprang inn til bronsen på 800 meter og gull på 1500 meter.

- Eg er svært nøgd med innsatsen min i helga.

- Er du overraska over at du var den beste ?

- Eg trudde eg hadde sjanse på medalje i alle fall.

Medaljedryss

Og 16-åringen frå Aurland er ikkje den einaste som kom heim att frå Stangehallen utanfor Hamar med medalje av edlaste sort.

Også Kim Leirvik Nes frå Florø tok gull i stav i klassen 20-22 år. Totalt tok utøvarar frå Sogn og Fjordane totalt 13 medaljar, fordelt på to gull, åtte sølv og tre bronse i det første landsomfattande friidrettsstemnet i år.

Ikkje nøgd

Øyvind Strømmen Kjerpeset

Øyvind Strømmen Kjerpeset

Foto: Sander Heggheim

Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø som konkurrerar i 18-19 års klassen tok sølv i lengde og bronse i 60 meter hekk. Likevel er han ikkje heilt nøgd

- Eg er godt nøgd med plasseringane. Men det er ikkje plasseringane som er viktig for meg, men kor fort eg spring. 200 meteren søndag var eg nøgd med. Men 60 meters hekken min fekk eg ikkje til å stemme, og 400 meteren vart bare rot, for eg hadde ikkje lada opp noko særleg til stemnet.

Stolt

Men leiar for friidrettsgruppa i Florø turn og idrettsforening, Rune Osa, er svært stolt av sine utøvarar

- Det er veldig kjekt å sjå at vi kan hevde oss. Det gir ein indikasjon kva vi er god for.

Resultatlista

1 Sander Sekkingstad Terum Aurland IL G16 1500m 4.20.64
1 Kim Leirvik Nes Florø T&IF G20/22 stav 4.30
2 Tor Inge Ørvrebotten Svelgen T&IF G20/22 høgde 1.80
2 Yngve Grøneng Havn Florø T&IF G20/22 kule 15.26
2 Ole Martin Gjerde Svelgen T&IF G15 stav 2.40
2 Pål Valberg Svelgen T&IF G16 stav 3.20
2 Øyvind Strømmen Kjerpeset Florø T&IF G17 lengde 6.36
2 Sindre Rørvik Kaupanger IL G20/22 lengde 6.89
2 Jørgen Midtbø Bjørkedal Florø T&IF G18/19 tresteg 13.04
2 Sindre Rørvik Kaupanger IL G20/22 tresteg 13.59
3 Steinar Kleppe Florø T&IF G20/22 kule 13.67
3 Sander Sekkingstad Terum Aurland IL G16 800m 2.04.59
3 Øyvind Strømmen Kjerpeset Florø T&IF G17 60m HK 8.86