Hopp til innhold

Tok MC-lappen i juni - no er han snart framme i Nord-Afrika

I juni tok han sertifikatet på motorsykkel. 30. september la Bjørnar Verpeide frå Måløy ut på sin livs MC-tur – til Marokko.

Lars turnerer Europa på MC

MIL ETTER MIL: - Eg har ikkje følgt med på kor langt et har køyrt. Men det er nok rundt 3000 kilometer, seier Bjørnar Verpeide.

Foto: privat

– Det har vel kanskje gått litt fort, men det er litt slik eg er, ler Verpeide på ei knitrande telefonlinje frå Malaga.

Målet Marokko er berre to timar og ei ferje unna. Men nett no regnar det godt i området, så han tvilar på at han kjem fram til målet før tysdag.

Måløyværingen har vore på sykkelsetet sidan 30. september då turen starta frå Oslo.

– Eg tok båten til Kiel, og etter det har eg køyrt på mange fjellvegar gjennom landa i Europa nedover, seier Verpeide.

Nøyaktig kor mange kilometer han har køyrt, har han ikkje følgt med på. Men Google maps anslår køyreturen Oslo-Marokko til om lag 4.300 kilometer. Og Verpeide har ikkje ein gong køyrt kortaste vegen.

Hadde lyst på ein langtur

Mellom anna køyrde han mykje i Alpane og utforska fjellvegane der, før han enda nedover på grensa mellom Frankrike og Italia der det også var mange kjekke vegar utanfor allfarveg.

Viss du trur han har planlagt turen lenge, tek du feil. Ideen fekk han nemleg så seint som i august.

Bjørnar Verpeide

GØY: Bjørnar Verpeide har sust gjennom Europa på motorsykkel - heilt åleine.

Foto: privat

– Eg tok MC-sertifikat i juni, kjøpte sykkel i juli, og i august tenkte eg at det hadde vore fint med ein lang tur, seier Verpeide.

Som freelance-fotograf for TV2 styrer han i stor grad si eiga arbeidstid. Og med ein lang arbeidssommar bak seg, passa det fint med ein roadtrip nedover Europa.

  • Her ser du videoklipp frå turen til Verpeide

Haika frå Oslo til Roma – utan pengar

Men det er ikkje første gong han gjer sprell, som han sjølv kallar seg.

– Eg og ein kamerat bestemte oss for å haike Oslo-Roma utan pengar. Det gjekk heilt fint og tok åtte dagar, ler Verpeide.

Turen har i grunnen gått fint, bortsett frå eit gjenstridig kjede som hadde det med å ramle av i tide og utide, samt at han vart sjuk i Frankrike.

– Eg sleit med å bli bra att og var svimmel og dårleg. Til slutt måtte eg til lege og få medisin. Men det varte heilt frå Frankrike til Malaga, seier Verpeide.

Ser fram til å sjå ørkenen

No er derimot forma på topp, og måløyværingen gler seg til å sjå ørkenen. For det er dit han skal.

– Eg skal til ein by som liksom er porten til ørkenen. Planen er å bruke litt tid i Marokko for å sjå meg rundt og oppleve landet, seier Verpeide.

Sykkelen har han tenkt å setje att i Malaga og hente den ved eit seinare høve.

– Men eg har ikkje bestilt meg flybillett heim endå. Det tek eg når eg kjem så langt, seier Verpeide.