Hopp til innhold

Tok kjempetorsk med berre nevane

Då 18 kg torsk kom mot han på 14 meters djup, vakna urmannen i Jan Erik Nygaard. - Men han var seig i kjøtet, seier han om kjempefangsten.

Tok torsk på 18 kg med hendene
Foto: Jan Erik Nygaard

- Jo større fisken er, jo grovare er kjøtet, humrar Jan Erik Nygaard på spørsmål om korleis stortorsken smakte.

Han og broren Arild var ute på dykketur saman vest for Turøy på Sotra, då dei på 14 meters djup såg to svære torskar som kom symjande saman mot dei.

- Det var nok eit kjærastpar som var ute på tur, flirer Nygaard.

Symde rett i fanget

Tok kjempetorsk med berre nevane
Foto: Jan Erik Nygaard

Han og broren, som har dykka aktivt sidan 1985 og fanga fisk under havoverflata like lenge, symde raskt kvar sin veg for å omringa torskeparet.

Berre den eine kom seg unna.

- Vi braut nok opp ein familie der, ler den stolte jegeren som fekk torsken bokstavleg talt rett inn i armane.

Dermed var det berre for dei friluftsinteresserte brørne å få med seg ruggen på 18 kg opp i båten, og diskutera korleis den skulle enda sine dagar. Det blei til røykeriet i broren sitt naust på Askøy.

Erfaren fiskejeger under vatn

Det er ikkje første gong dei to har fiskelykke utanom det vanlege. Dei siste tjue åra har dei reist mykje omkring på Vestlandet og dykka. Nygaard seier til BT at naturopplevinga er det viktigaste, og at fiskejakta berre er for moro.

- Ein må vite kvar ein skal leite. Vi er ute heile året, og tar både kamskjell, steinbit og breiflabb. Rekorden er vel ein breiflabb på 26 kg, men den tok eg med kniv.