Maren (19) køyrde ti timar og 560 kilometer for å ta «lappen»

Det er mange stader ti vekers ventetid for oppkøyring til førarprøva. Maren (19) frå Askøy slapp med to veker, ved å dra fem timar til Nordfjordeid.

Maren Lovise Hansen Rygg

FERSK SJÅFØR: Maren Lovise Hansen Rygg reiste 560 kilometer for å sleppa oppkøyringskøen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Køane for køyra opp til førarprøva vaks kraftig då Vegvesenet sine trafikkstasjonar i vår vart koronanedstengde i to månadar.

19-åringen Maren Lovise Hansen Rygg frå Askøy har tatt køyretimane i Bergen, men valde å reisa dei 280 kilometrane til Nordfjordeid.

På måndag stod ho dermed med eit rykande ferskt førarkort etter å ha venta i berre to veker.

– Det var viktig, fordi eg jobbar i helsesektoren. Det går lite bussar der eg bur, så det er vanskeleg å komma seg til jobb utan bil.

Fem timar kvar veg

For henne vart løysinga å sjekka sjansane nær familiehytta på Sandane i Gloppen.

– Det var mange ledige oppkøyringstimar i nabokommunen Eid.

LANGT TIL LAPPEN: Med minst ti vekers ventetid i Bergen og berre to i Nordfjordeid valde Maren Lovise Hansen Rygg å dra fem timar kvar veg for å ta førarprøva.

Dermed fekk ho faren Harry Hansen til å køyra henne til Nordfjord.

– Me budde på hytta nokre dagar, og drog over til Nordfjordeid og øvde der før oppkøyringa på måndag, fortel Maren.

I Bergen var det umogleg å få oppkøyringstime før nyttår, fortel faren.

– Læraren hennar sa at alle køyreskulane sit klar på tidspunktet når nye oppkøyringstimar blir lagt ut på nett, men klarer ikkje å trykka seg inn fordi timane forsvinn med ein gong.

På grunn av lang ventetid måtte Maren også dra ut av byen for å ta teoriprøva. Den tok ho på Voss.

Ledig i romjula

Torunn Merethe Danielsen er kontorsjef for oppkøyringssensorane ved Bergen trafikkstasjon. Ho stadfestar at ventetida no er ti veker.

– Timane blir raskt fylt opp. Dei første ledige no er i romjula eller første veke i januar.

Statens vegvesen sentralt opplyser til NRK at køen på ti veker er typisk for heile landet, særleg i byane. Grunnen er at trafikkstasjonane var stengt frå 12. mars til byrjinga av mai på grunn av koronapandemien.

– På den tida av året køyrer me vanlegvis veldig mange førarprøvar. Etterslepet har me enno ikkje klart å ta igjen, seier Danielsen.

Normalt ligg ventetida ved Bergen trafikkstasjon innanfor 20 dagar om hausten.

– Det er det me ønsker å komma tilbake til, og me brukar alle ressursar til å køyra førarprøvar.

Torunn Merethe Danielsen ved Bergen trafikkstasjon, Statens vegvesen

ETTERSLEP: Etter at trafikkstasjonane måtte koronastengde i to månadar i vinter, er det framleis rundt 10 veker ventetid på å få ta «lappen», seier kontorsjef Torunn Merethe Danielsen ved Bergen trafikkstasjon.

Foto: Privat

Med maksimal kapasitet blir det no tatt 250-300 førarprøvar i veka i Bergen.

Nokre bergenselevar vel å ta førarprøven til dømes på Voss, Stord, Odda eller Førde, der det er kortare ventetid. Men få reiser like langt som Maren.

– Eg hadde også høyrt at det er lettare å bestå i Nordfjordeid. For min del gjekk det fint, seier 19-åringen.

Me møter henne i varebilen til faren. Ho har ikkje med seg førarkortet for å visa det fram.

– Har du bil da?

– Nei, men eg er på leiting. Så førebels er det pappa som må køyra meg uansett.

Køyrer på kveldane og i helgene

Danielsen fortel at ho hentar ressursar frå trafikkstasjonar med ledig kapasitet, så det kan gjennomførast fleire førarprøvar i Bergen.

– Me køyrer også førarprøvar på overtid, etter vanleg arbeidstid og i helgene.

– Kva tid får de vekk etterslepet?

– Det er vanskeleg å spå. Me håpar på normaltilstandar utpå våren, men alt er avhengig av kva som skjer med covid-19. Det kan fort skje at me må stenga ned trafikkstasjonane viss det oppstår smitte her.

Danielsen avviser at det er lettare å køyra opp i ei bygd enn i byen.

– I utgangspunktet skal det ikkje vera det. Det er strenge krav til korleis rutene skal vera. Nokre elevar tykkjer også det er meir føreseieleg å køyra i byen, og at landevegskøyring er vanskelegare.

Harry Hansen

UMOGLEG: – Køyrelærarane i Bergen seier det er nesten ikkje mogleg å sleppa til når nye oppkøyringstimar blir lagt ut på nettsida til Statens vegvesen, seier Harry Hansen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK