Hopp til innhold

Tok denne merkelege krabaten på stong

Stine Åsebø (27) frå Eid er ein uerfaren sportsfiskar. Måndag denne veka, på bursdagen hennar, fekk ho eit sjeldan møte.

Spisskate

SJELDAN: Det kan gå lenge mellom kvar gong sportsfiskarar tek spisskate og spesielt på grunt vatn.

Foto: Privat

– Eg hadde berre blitt fortalt om spisskate sjølv. Det var utruleg spesielt å få han på kroken på måndag, seier Åsebø til NRK.

Ifølgje nettstaden hooked.no, som først fortalde om fangsten, vert spisskata nesten utelukkande teken på djupt vatn, og det skjer sjeldan. Denne måndagen hadde djuptvassfisken forvilla seg inn på 41 meters djupne i Strynebukta, der Åsebø og kjærasten André Røyset Rake var på fisketur med eit vennepar.

– Eg kjente han var borte og snuste på makrellagnet. Og så hogg han til! Då kom kreftene! Eg måtte berre halde stanga, for elles hadde ho fare, seier Åsebø entusiastisk.

Knurr

NYBEGYNNAR: Dei fire venene, som alle er medlemmar i Nordfjord Havfiskeklubb, fekk ein del knurr (biletet), hyse, to sandflyndrer og ein kviting, før skata beit på mot slutten av fisketuren.

Foto: Privat

Jubel i båten

Dei var på jakt etter flyndreartar. I staden måtte Åsebø kjempe med ei spisskate på 8,8 kilo.

– Eg var berre fokusert på å få han opp i båten. Det tok rundt 15 minutt å få han til vassflata. Så drog han til og fór ned til botnen att.

Sekundane i vassoverflata var nok til at dei meir erfarne fiskarane rundt ho i båten såg kva dei hadde med å gjere. «Det er ei skate», jubla båten. For dei hadde forventa piggvar eller pigghå.

– Eg var ganske sveitt etter vi fekk han opp att. Dette byggjer musklar. Eg var ganske gangsperr dagen etterpå, ler ho.

Spisskate

VEGING OG MÅLING: Skata vart vegen og undersøkt før sportsfiskarane sleppte ho ut att, noko hooked.no skriv at skatene toler fint.

Foto: Privat

Større fisk i tankane

Åsebø har berre halde på med sportsfiske eit halvt års tid. No fiskar ho både når ho har fri og etter jobb, gjerne kvar dag om tida strekk til.

– Etter eg fann meg ein fiskar, har eg berre blitt meir og meir interessert. Vi har fiska ganske kontinuerleg det siste halve året. Og venneparet er gjerne med, vi er like ivrige alle fire.

I juli går turen ei veke til Tromsø på kveitefiske. Ein fisk som kan bli vesentleg større enn 8,8 kilo.

– Dette var ein forsmak og ein test. Kveite blir nok endå hardare motstand. Før fiskeinteressa blomstra, er garn i ferskvatn det eg har å skryte av. Det er kjekkare i sjø, med større utval og både stort og smått, seier Åsebø.

Spisskata er vel eit bevis på det.