Hopp til innhold

Togtragedien sette fart i arbeidet med nytt naudnett

Den tragiske togulukka på Åsta i Østerdalen i januar 2000 der 19 menneske mista livet, blei opptakta til det nye naudnettet som snart er tilgjengeleg for alle utrykkingsetatane i Norge.

Åstaulykken 04.01.2000

TRAGEDIE: Under Åsta-ulukka 4. januar 2000, så fungerte sambandet mellom dei ulike naudetatane dårleg.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Alt hausten 1999 hadde Justisdepartementet pressa på for å i gang eit arbeid med ein ny måte å kommunisere mellom dei ulike naudetatane brann, politi og helse.

– Så kom Åstaulukka, som skapte ein ganske dramatisk kommunikasjonssituasjon mellom politi, brann og helse. Det medførte at det blei sett ned eit statssekretærutval som fekk trykk på dette arbeidet, seier dåverande statssekretær i Justisdepartementet, Atle Hamar, til NRK.

Skal dekke heile landet

I dag er Hamar direktør for Lotteri- og stiftelsestilsynet, og styremedlem i Helse Førde. Under styremøtet måndag blei han orientert om utviklinga for det nye naudnettet. Eit digitalt, lukka naudsamband som er ferdig utbygd og som seinast neste haust skal vere teken i bruk av alle etatane.

Utfordringa med det nye naudnettet er i første rekke knytt til mange av tunnelane i Norge. Alle nye tunnelar blir knytt til sambandet, men mange eldre og lange tunnelar blir ikkje med i første omgang.

Atle Hamar

KREV STATEN PÅ BANA: Atle Hamar i styret i Helse Førde, meiner at staten må sikre at det nye naudnettet virkar overalt i landet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vil ha nett i gamal tunnel

Dette gjeld mellom anna den 7,5 kilometer lange Høyangertunnelen i Sogn, som blei opna i 1982. Der har fylkeskommunen som vegeigar sagt at dei ikkje har råd til å utstyre tunnelen med naudnett. Dette får den tidlegare statssekretæren til å steile.

– Det er klart at der må det kome naudnett. Det å sikre naudnett i tunnelane er eit ansvar fleire må ta. Det handlar jo også om den typen ulukker vi har sett i Gudvangatunnelen og i andre tunnelar, der god kommunikasjon er heilt avgjerande for om du skal kunne hjelpe folk og evakuere, seier Hamar.

– Kven bør ta ansvaret for dette?

– Staten burde ta eit overordna ansvar for å ordne dette. Det finst jo ein del slike tunnelar her i landet der det ikkje er godt nok samband den dag i dag. Men i det store og det heile er landet bra dekka, og det skal vi vere glad for, slår Hamar fast.

– Kommunikasjon er viktig

Terje Olav Øen

GODT SYSTEM: Terje Olav Øen I Helse Vest, peikar på at det nye naudnettet er svært bra for utrykningsetatane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I Helse Vest, som dekker fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, er det Terje Olav Øen som er prosjektleiar for det nye naudnettet. Han er samd i at det bør vere digitalt naudsamband, også i dei gamle og lange tunnelane med relativt lite trafikk.

– Det er viktig for oss å ha god kommunikasjon heile tida. Når det først skjer ei ulukke, så seier det seg sjølv at kommunikasjon er viktig. Det er peika på kven som kan betale for dette, men det er ikkje naudsynleg tilgjengelege midlar til det.