– Det er jo kanskje spesielt plagsamt for skuleelevar og ungar som skal opp til eksamen, seier Einar Solheim som er overlege ved øyre-, nase-, halsavdelinga på Førde Sentralsjukehus.
Nærare ein million nordmenn har pollenallergi og kvir seg til akkurat denne årstida. Mange er så plaga at det går utover livskvaliteten.
– Det varierer nok frå dag til dag, og det kan ein sjå på pollenvarsla. Men dei som er allergiske vaknar med raude og kløande auge og tett og rennande nase. Mange har tunge dagar i denne tida.
- Les også:
Allergi kan bryte ut i alle aldrar
Sjølv om du har gått eit langt liv utan plager, kan du likevel plutseleg få allergiske reaksjonar.
TUNG TID FOR MANGE: Einar Solheim er overlege ved øyre-, nase-, halsavdelinga på Førde Sentralsjukehus.
Foto: Per Kristian Grimeland / NRK– Det er folk i 60-åra som plutseleg frå allergisymptom og aldri har hatt det før. For det er slik med allergi, at det kan oppstå i alle aldrar
Det er ikkje nokon klar fellesnemnar for dei som får pollenallergi, men arv betyr mykje.
– Er foreldra dine allergiske er sjansen der for at også du arvar det.
- Les også:
Gode medisinar
For dei som veit dei er allergiske, er det viktig å starta med medisinen i god tid før pollensesongen startar, i tillegg til å vere nøye med å vaske hender å andlet
– Det er ofte at pollenstøv festar seg i sveitten, så det er viktig å tenke førebyggande. Ein bør heller ikkje til dømes henge klesvasken sin ut til turk i «pollenregnet».
– Korleis er det medisinar for dei som er skikkeleg plaga?
– Det har skjedd mykje dei siste 15–20 -åra. Det finst gode nasesprayar og augedropar. Dagen tablettar og miksturar er heller ikkje sløvande slik ein kunne oppleve tidlegare. Og så har ein i bakhand allergivaksinasjonsprogrammet som går over tre år.
- Les også: