Hopp til innhold

Langs denne vegen gjekk jenta (2) berre i bleie midt på natta. Ingen bilar stoppa for å hjelpa

Les historia om tre unge studentar, som ei julinatt måtte ta hand om ei gråtande 2 år gamal jente. Barnet hadde gått 2,5 kilometer langs riksvegen - i berre bleie og sko.

Riksveg 55 Sogndal Kvam

INGEN STOPPA: Natt til 23. juli vakna ei lita jente, låste seg ut av huset og vandra åleine her langs riksveg 55 - utan klede. (Dette er eit illustrasjonsfoto, og bilane på biletet har ikkje noko med saka å gjera).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg reagerte veldig på at det ikkje var nokon bilar som stoppa, og at der ikkje var andre i nærleiken av jenta, seier Vilde.

Saman med Vigdis, begge studentar tidleg i 20-åra som har budd i Sogn i sommar for å jobba, tenkjer dei tilbake til den skilsetjande natta 23. juli:

Klokka var nesten 05, og Vilde sov på rommet ho leigde på Sogndal vandrarheim, kloss i det sterkt trafikkerte krysset mellom riksveg 5 og riksveg 55 ved Loftesnesbrua.

Plutseleg vakna ho av barnegråt frå utsida av vindauget:

– Eg såg ut, og der på vegen såg eg jenta springa ute i vegen åleine. Der var òg ein bil som køyrde forbi henne, som må ha sett henne, men som ikkje stoppa.

Ropte på mamma

Vilde tok på seg skoa, sprang ut, fekk tak i den to år gamle jenta og tok henne med inn på rommet.

Sogndal vandrarheim

HER BLEI JENTA TEKEN HAND OM: Den vesle jenta fekk omsorg frå tre unge studentar, som leigde rom her ved Sogndal vandrarheim i sommar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg visste ikkje heilt kva eg skulle gjera, så eg vekte dei to andre eg bur saman med og sa at einkvan må ringja politiet, for eg har funne ei lita jente utanfor.

Dermed hadde tre unge kvinner fått ei lita jente å ta hand om, ein toåring som gret og trong trøyst og hjelp å finna tilbake til foreldra.

– Jenta var lei seg, ropte på mamma og visste ikkje kvar ho var, fortel Vilde.

Etter kvart greidde dei tre unge kvinnene å roa seg ned. Då fann òg jenta roa, med teikning og barne-tv.

– Det var kjekt å ta vare på henne. Ho var så søt, seier Vigdis

– Ja, ho var etter kvart veldig roleg, snill og tillitsfull, legg Vilde til.

Låst seg ut midt på natta

Der Vilde fann jenta vandrande i riksvegen, var rundt 2,5 kilometer frå heimen. Faren til jenta har forklart til politiet at jenta truleg må ha fått opp dørene på eiga hand og kome seg ut om natta.

– Me trudde kanskje ho var frå ein stad litt nærare, så me prøvde å sjå etter teikn på om ho kunne vera frå det eller det huset i nærleiken, fortel Vigdis.

Det vesle jenta sjølv greidde ikkje fortelja studentane noko som kunne setja dei på sporet av heimen.

– Ho smilte til oss og var tillitsfull, men var samstundes sjenert. Å teikna var heilt greitt, men ho ville ikkje seia så mykje, seier Vigdis.

Trafikk ved Loftesnesbrua, Sogndal

HER BLEI JENTA FUNNEN: Den gråtande 2-åringen var på veg rundt svingen ved Loftesnesbrua mot høgre, og i retning av Sogndal sentrum, då ho blei teken hand om. (Dette er eit illustrasjonsfoto, og bilane på biletet har ikkje noko med saka å gjera)

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vegen jenta hadde vandra på, er i periodar sterkt trafikkert, og sjølv om klokka truleg var mellom 04 og 05 om morgonen, må truleg fleire bilar ha passert jenta, som gjekk i berre bleie og joggesko, og i tillegg hadde smokken og suttekluten med seg.

– Me prøvde å gi henne ein genser og eit teppe då ho kom inn, men det ville ho ikkje ha, fortel Vigdis.

Mangla bleier og mat

Då klokka blei 07, ville jenta ut og gå att.

– Me tenkte at det var eit bra teikn, for då ville ho kanskje byrja å gå heim. Så me følgde berre etter henne.

Men i staden for å vandra attende til heimen, gjekk jenta vidare innover mot Sogndal sentrum – i følgje med dei tre kvinnelege studentane.

– Der møtte me to jenter som var på veg til arbeid. Dei varsla mor si, og ho kom og spurde om me trengde hjelp. Ho var hjelpsam og snill og gjekk for å kjøpa mat til jenta. Me hadde ingenting på rommet som passa å gi til ein toåring, fortel Vilde.

– Dessutan trengde jenta å byta bleie. Det hadde politiet spurd heimesjuketenesta om å levera til oss, og i 08-tida kom dei.

Gjensynet

Med tørr bleie og mat i magen sovna etter kvart jenta på golvet.

Då hadde òg foreldra vakna. Ifølgje politiet hadde dei fyrst leita inne i huset, og faren hadde akkurat starta å leita ute då han møtte ein nabo som hadde fått med seg meldinga om at ei lita jente var teken hand om etter å ha gått ute åleine.

– Me fekk telefon frå politiet, som sette oss over til faren. Eg fortalde kvar me var og gjekk ut for å møta han, slik at han skulle finna oss, seier Vigdis.

Litt over klokka 09 blei faren og den sovande dottera gjenforeint.

– Han var naturleg nok litt stressa, men veldig glad for å sjå dottera att. Då jenta vakna, var òg mora komen, så då var det rett opp i fanget til mamma, fortel Vigdis.

Så ville jenta heim, og ho vinka til dei tre gode hjelparane då ho for.

Foreldra har takka dei tre studentane i etterkant.

– Det var veldig hyggjeleg; dei verka takksame. Me fekk òg ein klem av jenta, og me fekk høyra at det gjekk fint med henne, fortel Vigdis.

Per Rimmen i Vest politidistrikt

TAKKSAM: - Det dei tre studentane gjorde, står i god stil til det samfunnsansvaret som ein kvar borgar har, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Vest politidistrikt.

Foto: Åsta Urdal

Politiet rosar kvinnene

– Innsatsen til dei tre studentane er førebiletleg. Me er takknemlege for at dei greip inn, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Vest politidistrikt.

– Viss andre har sett jenta gåande og ikkje meldt frå til politiet om det, set me ikkje pris på det. Ser du ein noko unormalt eller folk som treng hjelp, bør du stoppa og undersøkja. I dei fleste tilfella ringjer du politiet, og viss det er helsehjelp som trengst, formidlar me vidare til helseetaten.

– Kor utbredd er det at folk ikkje bryr seg?

– Dei fleste stoppar og melder frå. Me har nokre få døme på at dette ikkje skjer.

– I dette tilfelle let politiet dei tre unge studentane ta hand om jenta. Kvifor rykte ikkje politiet ut?

– Dei som var på arbeid den natta, vurderte at jenta var i trygge hender. Det er ei vurdering eg stiller meg bak.

– Dette var unge kvinner som verken hadde bleier eller mat, politiet baserte vurderinga på telefonsamtalar. Er det eit godt nok grunnlag for å vurdera at jenta har det trygt?

– Ja, politiet var i kontinuerleg kontakt med kvinnene og sat med inntrykk av at dei var kapable til å ta hand om jenta. Det viktige var at jenta hadde det trygt og godt. Ville det ha vore betre viss to nye skulle ta hand om jenta, som kunne ha blitt opplevd som traumatisk for henne?

Redde for å hjelpa

Snart tre veker har gått, og det Vilde har tenkte mest på i ettertid, er kvifor ingen stoppa for å hjelpa.

– Nokon må jo ha sett henne. Eg tykkjer det er merkeleg at ingen tok ansvar for henne. Folk burde ha vore meir observante når dei ser born åleine på den måten, seier Vilde.

– Kanskje handlar det om at me er usikre på kva me skal gjera i slike situasjonar, reflekterer Vigdis:

– Også me stod litt og lurte på kva me skulle gjera etter at jenta var komen inn. Skulle me ringja politiet? Me hadde jo ikkje på førehand tenkt gjennom at me kunne koma i ein slik situasjon. Kanskje folk er redde for slike stressituasjonar?

– Folk veit ikkje kva dei skal gjera, og då kan det vera enklare å lata andre ta ansvaret, legg Vilde til.

– Ja, det kan vera lettare å ignorera det enn å gjera noko med det, seier Vigdis.

Men Vigdis, Vilde og den tredje studenten brydde seg:

– Når me ser eit lite barn på eiga hand, må me stoppa opp og sjå om det går bra. Det er ikkje meininga at ein unge skal vandra rundt på den måten, og at ingen andre gjer noko. Det er ikkje rett, seier Vilde.

Vilde og Vigdis vil vera anonyme, og dei ønskjer ikkje å kommentera korleis politiet handterte hendinga.

Den tredje studenten var ikkje tilgjengeleg for å utala seg på intervjutidspunktet.

Operasjonsleiar Ole Tom Nord i Vest politidistrikt opplyste 23. juli at det ikkje er mistanke om omsorgssvikt, og at barnevernet rutinemessig vil følgja opp saka.