Hopp til innhold

To unge menn dømt for råkøyring i Bergen

20-åring er i Hordaland tingrett dømt til 15 dagar i fengsel for å ha køyrd bil i 81 km/t i 40-sone i Bergen sentrum i april. Straffa er vilkårsbunden, og blir utsett med prøvetid på to år. I tillegg får han ei bot på 13.000 kroner, eventuelt 13 dagars fengsel. Han mister også førarkortet i åtte månader.

Ein 19-åring er dømt for å a køyrd motorsykkel i 120 km/t i 60-sone i ein tunnel i Bergen i april. Straffa er 18 dagar i fengsel, og å miste førarkortet i eitt år og ni månader.