Hopp til innhold

Tre til sjukehus etter frontkollisjon på Bømlo

To personbilar har kollidert i 80-sone. Politiet kallar ulukka alvorleg.

Frontkollisjon på Bømlo

KOLLISJON: Politiet meiner ein av sjåførane truleg har brote vikeplikta.

Foto: Magne Langåker

Tre personar er frakta til Stord sjukehus med ambulanse etter at personbilane kolliderte i eit kryss på Bremnesvegen på Bømlo.

Ulukka skjedde ved Gassasundet like før klokka 11 i føremiddag.

Det var til saman tre personar involvert i ulukka, og førarane av bilane vart sendt til sjukehus så fort naudetatane kom til staden. Det er endå ikkje kjent kor skada dei er.

Førarane er ei kvinne i 50-åra og ein mann i 30-åra, ifølgje operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen i Sør-Vest politidistrikt

Etter ei stund vart også den tredje personen sendt til sjukehus. Kvinna i 20-åra sat i bilen med den kvinnelege sjåføren.

Laster Twitter-innhold

Truleg brot på vikeplikta

Operasjonsleiaren seier det truleg er feil frå ein av førarane som er årsaka til ulukka. Mannen som køyrde ut på forkøyrsvegen er mistenkt for å ha brote vikeplikta.

– Det er to bilar som har kollidert. Truleg er årsaka at den eine bil har brote vikeplikta og blitt treft av den andre som kom langs Bremnesvegen.

Fartsgrensa på staden er 80 km/t.

– Det har vore mykje energi utløyst i kollisjonen, og det er store materielle skader.

Vegen var stengt, men er no opna for fri ferdsel, melder Statens vegvesen klokka 14.

Trafikkulykke på Bømlo