To til sjukehus etter at lettmotorsykkel tok fyr
Rett før klokka to i natt kom ein lettmotorsykkel med to unge menn over i motgåande køyrefelt og trefte autovernet i Øygarden.
Sykkelen tok fyr etter samanstøyten med autovernet.
Dei to mennene er frakta til Haukeland universitetssjukehus med ukjent skadeomfang. Dei var vakne og medvitne då naudetatane kom til staden.
Brannen vart meld sløkt i halv firetida. Vegen er rydda og open for trafikk.