Hopp til innhold

To til lege etter ATV-ulykke

To personar er sende til lege etter at ein firehjuls motorsykkel, såkalla ATV, køyrde av vegen ved Dalsøyra i Gulen. Ifølgje Hordaland politidistrikt kan føraren ha brote ein arm, mens passasjeren skal vere fysisk uskadd. Politi og ambulanse rykte ut då ulykka vart meldt litt før klokka 19.