Hopp til innhold

To svake jordskjelv registrert i Sunnhordland

To gonger fredag kveld opplevde Christian Engebretsen på Stord eit slags drønn i huset sitt. Og det viste seg å vera to svake jordskjelv, skriv Bladet Sunnhordland. Ifølgje jordskjelvstasjonen i Bergen var det to jordskjelv, eitt rett før midnatt og eitt rett etter. Dei hadde ein styrke på høvesvis 1,5 og 1,6 på skalaen.