Hopp til innhold

To skadde i trafikkulukke

To personar er skadde i ei trafikkulukke på E39 mellom Sklibrei og Langeland i Gaular.

Trafikkulukke ved Skilbrei

TRAFIKKULUKKE: Bubil og personbil har kollidert ved Skilbrei i Gaular

Foto: NRK-tipsar

– Det er ei møteulukke mellom ein bubil og ein personbil, seier Terje Magnussen som er operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt.

Tre personar som var bubilen har kome uskadde frå hendinga, opplyser politiet. Dei to skadde var i personbilen.

– Dei skal ha klaga over smerter i mage og skulder, og er sende til Sentralsjukehuset i Førde, seier Magnussen.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 18.37. Magnussen opplyser at det skal ha vore snø og glatt på staden. Ut over det kan politiet førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka

Klokka 20.15 melder politiet at det er opna for fri ferdsel forbi ulukkestaden.

Trafikkulukke