Hopp til innhold

To skadde etter forbikøyring i Jølster

To personar er lettare skadde etter at ein personbil og ein lastebil kolliderte på E39 ved Ålhus i Jølster

Trafikkulukke ved Ålhus i Jølster

SKADDE: Personane har smerter i nakke og rygg, opplyser politiet.

Foto: Eirik Rasmussen

– Ein av bilane var på veg mot Førde og den andre mot Skei. Den eine bilen har teke ei forbikøyring og fått sladd då han skulle leggje seg inn i sitt felt att. Dermed har han treft den møtande bilen, opplyser politiet.

Både politi og ambulanse er på staden. Føraren av personbilen er køyrd til legevakta. Det var ein person i kvar bil, og begge er prega av hendinga, ifølgje politiet.

– Personane har smerter i nakke og rygg, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Personbilen har fått store skader i ulukka. Vegen er ikkje stengd.