Møteulykke ved Skre i Karmøy kommune

Det har vore eit trafikkuhell med personskade på E-134 ved Skre, i Karmøy kommune. Det var ei møteulykke og to personar er køyrt til Haugesund sjukehus.

Det har vore eit trafikkuhell med personskade på E-134 ved Skre, i Karmøy kommune. Det var ei møteulykke og to personar er køyrt til Haugesund sjukehus.

– Me fekk melding 19.40 circa om at det er ein bil som har køyrt vestover som har komme over i motsatt køyrebane og har kollidert med møtande bil, seier Jan Magne Østebøvik som er operasjonsleiar i Haugaland og sunnhordaland politidistrikt til NRK.

– Det var tre personar i den eine bilen og ein i den andre, og to personar er køyrt med ambulanse til Haugesund sjukehus, seier Østebøvik.

Politiet er på staden.

Skadeomfanget er uvisst.

Saka blir oppdatert.