Dei to hadde vore på tur i 14 dagar. Passasjeren skulle opne ei brusflaske som hadde lege og rista litt, og innhaldet spruta opp i taket og utover sjåføren. Han mista dermed fokus på vegen, og bilen hamna i grøfta.
Måtte bryte opp dørene
Politiet fekk melding om ulukka klokka 14. Då greidde ikkje mennene i 80-åra å kome seg ut av bilen, så politi, brannvesen, bilbergingsmannskap og ambulansepersonell som kom til staden måtte bryte opp dørene. Ein av dei to vart send til Førde Sentralsjukehus med luftambulanse, medan den andre vart køyrd til Lærdal Sjukehus.
- Flaks i uflaks
Ingen av dei to skal vere livstrugande skadde. - Det var flaks i uflaks, meiner politibetjent Trond Akre. Bilen hadde ikkje gått rundt, sjølv om det var ein lang skråning dei køyrde utfor.

Foto: Hanne Stedje